AI and Tell med Sarah Newman

Læringslaben, HVL campus Stord
Time icon
Når:02. september   14:00
Varer til: 15:00
Legg til i min kalender

 AI and Tell – kva er din «AI secret»?

Korleis brukar vi eigentleg kunstig intelligens – og kva fortel vi andre om korleis vi brukar han?

I september får HVL besøk av Sarah Newman frå Harvard University og metaLAB (at) Harvard. Newman har også ei professor II-stilling ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) ved HVL.

I samband med besøket inviterer Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) til «AI and Tell» på campus Stord og campus Bergen. Arrangementet er ope for både studentar og tilsette ved HVL og blir halde i lokala til Læringslab.

Utgangspunktet er eit prosjekt Newman har gjennomført ved Harvard, der deltakarar anonymt deler sine eigne «AI secrets» – små og store historier om korleis dei faktisk brukar kunstig intelligens. Prosjektet blei nyleg omtalt i Harvard Gazette under tittelen «Do you have a guilty AI secret?».

Kanskje har du brukt KI til noko du ikkje heilt veit om du burde fortelje andre om? Kanskje har KI skrive meir av ein tekst enn du eigentleg hadde tenkt? Eller kanskje du har brukt KI på ein måte som fungerte overraskande godt?

Gjennom anonyme bidrag og samtale utforskar vi spørsmål som:

Kva opplever vi som grei bruk av KI – og kva kjennest mindre greitt? Når bør vi vere opne om at vi har brukt KI? Og er det i ferd med å utvikle seg nye normer for korleis vi brukar KI i studium og arbeidsliv?

Newman peikar på at vi ikkje berre kan vente på at slike normer skal oppstå av seg sjølve. Vi må reflektere over vår eigen bruk av KI og vere med på å forme dei normene vi ønskjer.

«AI and Tell» er ikkje ei tradisjonell førelesing. Målet er å skape ein uformell og utforskande samtale der erfaringane til deltakarane står sentralt.

Du treng ingen spesielle forkunnskapar om KI for å delta – berre litt nysgjerrigheit.

AI and Tell med Sarah Newman
📍 Læringslab
📅 2. september på campus Stord 
⏱️ ca. 60 minutt
👥 Ope for studentar og tilsette ved HVL

Velkomen til ein litt annleis samtale om korleis vi faktisk brukar KI.