Forskarsnakk LIVE

Larris scene på Sunnfjord Hotell
Time icon
Når:17. september   19:00
Varer til: 22:00
Legg til i min kalender

Kom og sjå eit titals personar frå Førde sitt levande forskingsmiljø på scena!

Denne kvelden blir det TED-talks, sofaprat, kulturinnslag av kvinnekoret Kvitre, fingermat og drikke. Ei rekkje stipendiatar vil gje eit kort og underhaldande innblikk forskinga si, og det blir også ein prat mellom professorane Siri Wiig og Christian Moltu.

Forskarmiljøet har sin eigen forskingspodkast, Forskarsnakk, og denne årlege hendinga veks ut av den pågåande samtalen der. Mest om helse – men også fleire andre tema.