Karrierefestival på Campus Sogndal

HVL, campus Sogndal
Time icon
Når:21. oktober   09:00
Varer til: 16:00
Legg til i min kalender
21. oktober 2026 blir det Karrierefestival på Campus Sogndal for studentar frå alle fakultet. Arrangementet er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet, Sogn Næring, studentar, linjeforeiningar, Saman og Framtidsfylket. Studentar med festivalband får gratis lunsj og deltaking heile dagen.
 
I Høgskulebygget finn du ulike verksemder på stand i alle etasjar for å visa deg karrieremoglegheiter. Kanskje finn du din framtidige arbeidsgivar?
 
Gjennom dagen kan du gå på føredrag med kjende namn som Linda Eide, Fredrik Fornes, Tanja Uggerud, Hege Skog og Alexander Zwart. Dei tek for seg alt frå kommunikasjon og unormale vegval til tillit og paradoks i arbeidslivet.
 
I tillegg til føredrag kan du delta på karriereaktivitetar retta inn mot ditt fagområde for å bi kjend med moglegheitene som ventar deg etter studiane.

Det blir gratis lunsj for alle studentar med festivalband.
Hent festivalband gratis i Servicetorget, i 3. etasje i Høgskulebygget.
 
På kveldstid held festivalen fram på Meieriet med bedriftspitchar, quiz, mingling og konsert med Look Out Louie.
 
Dei fleste studentane har undervisningsfri denne dagen for å kunne delta på arrangementa, og store delar av campus blir teken i bruk. Dette er ein unik moglegheit til å få inspirasjon, knyte kontaktar og bli kjend med arbeidslivet.
 
 

10:00 - 16:00 Bedriftsstandar

Møt bedrifter, organisasjonar og andre aktørar, bli kjend med karrieremoglegheiter og slå av ein prat.

10:10–10:50 Føredrag

Vel mellom fleire spennande føredrag.

Fredrik Fornes: FOS300
Linda Eide: Josten
Tanja Bø Uggerud: Storen

11:00–12:30 Karriereaktivitetar

Bli kjend med moglegheitene! Vel mellom ulike aktivitetar og fagområde:

SAMAN

Sigrid Isdal: Nettverksbygging, intervju og presentasjon av eigen kompetanse.
Biblioteket 60 - 90 min

Lærarstudentane

Debatt om lærarutdanning 1.–10.
Stad 60 - 90 min

YGGA

«Bare blåbær» av Stein Joar
Ålfoten · 50 min

Handelshøgskulen

Økonomidagen: Bedriftspitchar.
Storen· 90 min

Helse og oppvekst

«Forsking med beina i praksis»
Hild1 · 60–90 min

Idrett

Møt tidlegare studentar og høyr om vegen frå studium til arbeidsliv.
Hild2 · 90 min

HVL Skape

Skap di eiga bedrift
Mølla · 60–90 min

12:00 Lunsj og standområde

Det er gratis lunsj i kantina for alle studentar med festivalband. Festivalband kan hentast i Servicetorget i 4. etasje i Høgskulebygget.

Det blir mogleg å besøkje standane gjennom lunsjen.

14:10–14:50 Føredrag

Vel mellom tre spennande føredrag:

Fredrik Fornes: FOS300
Linda Eide: Josten
Hege Skogen og Alexander Zwart: Storen

15:00–15:50 Karriereaktivitetar

Bli kjend med moglegheitene! Vel mellom ulike aktivitetar og fagområde:

KI for alle

Nathaniel
Biblioteket · 50 min

Bygg, miljø og natur

Norconsult
Ålfoten · 50 min

Barnehage

«Eg hadde ingen karriereplan. Men eg hadde eit kompass.»
Inger Marie Einan: Frå barnehagelærarstudent ved HVL i Bergen til toppleiar i barnehagesektoren. Inger Marie Einan deler ei karrierereise som aldri var planlagd, om vala og moglegheitene undervegs, og om korleis eit tydeleg verdikompass med barnet i sentrum har følgt henne gjennom heile yrkeslivet.
Stad · 50 min

Karriere – FO
Hild1 · 50 min
 
Idrett og friluftsliv

Erfaring og refleksjon frå arbeidslivet etter ferdig idrettsutdanning.
Hild2 · 50 min

EMLIS og ØKS

«Skap din eigen arbeidsplass»
HVL Skape
Mølla · 50 min

18:30 Bedriftspitchar

Kveldsarrangement på Meieriet

Gratis inngang for alle med festivalband. Studentar og andre interesserte kan hente festivalband i Servicetorget i 3. etasje i Høgskulebygget, medan bedrifter får utdelt festivalband ved standen sin i Høgskulebygget.


Meld på bedrifta di her!

19:30 Quiz

      

21:00 Konsert med Look Out Louie

Konsert i Laben.