KI-veka

Læringslab og på Zoom
Time icon
Når:01. juni   09:00
Varer til: 05. juni 15:00
Legg til i min kalender

Temaveke KI – 1.-5. juni 2026 Læringslab, KI-gruppa og Biblioteket ved HVL arrangerer temaveke om kunstig intelligens 1.-5. juni 2026. Målgruppe er alle studenter og tilsette i HVL.

I løpet av veka vil det kvar dag bli workshoppar og presentasjonar i alle labane, på alle campus. Du er velkommen til å følgje kor mykje av programmet du vil, anten fysisk i labane eller via videostrøyming, på Zoom og på storskjerm i alle Læringslabane.

Det er også nokre prallelle sesjonar i eigne rom nokre dagar. Sjå program for detaljert informasjon om tid, stad og format på kvart einskild innslag. Det vert også kjekke fysiske workshops på Læringslab ved alle campus i løpet av veka.

Sjekk program for å finna kor tid det er workshop på ditt campus. Det vert lett servering i Læringslabane heile veka. Meld di interesse via lenka og få kalenderinvitasjon i outlook (ikkje bindande).

Her finn du program for veka (vert oppdatert): https://www.hvl.no/alu/temaveke-ki-2026/