Klimaomstilling 2026
Korleis drive fram klimaomstilling i ei uroleg tid?
Velkomen til årets klimaomstillingskonferanse, som finn stad på Quality Hotel Sogndal. Verda er prega av stor uro for tida, og 2026 er med god grunn utnemnt til Totalberedskapsåret. Samstundes har vi ei klima- og naturkrise som forsterkar desse utfordringane. I år vil vi løfte fram korleis ein halde fram i arbeidet med klima- og naturkrisa når mykje av samfunnet si merksemd er retta mot tryggleik og beredskap.
21. september vert temaet klimatilpassing. Her kan du mellom anna lære om dei nye klimaframskrivingane frå Norsk klimaservicesenter og høyre innlegg om sivil beredskap. Nytt av i år er at vi inviterer alle forskingsmiljø i Noreg til å presentere siste nytt frå forskinga på klimatilpassing.
22. september vert tema utsleppskutt. Kommunar og næringsliv har framleis ein stor jobb framfor seg. Korleis kan dei halde fram med å omstille seg til eit lågutsleppssamfunn?
Meir informasjon om påmeldig og program finn du på konferansenettsida.