Kom og hels på robotane våre!

Robotlaben, campus Førde
Time icon
Når:17. september   09:00
Varer til: 11:00
Legg til i min kalender

Har du møtt ein robot før?

Kva slags robot har du lyst til å få hjelp av i kvardagen din?

Denne onsdagen kjem 20-30 barn frå Vie barnehage til Høgskulen på Vestlandet, campus Førde. Dei skal få møte forskarar frå Robotlaben og snakke med dei om robotar, og dessutan også komme inn på laben og sjå robotane i aksjon. Ein av dei kan teikne portrett av folk. Ein annan kan opne dører, og ein kan til og med lage sjokoladefigurar!

Barna kjem også til å teikne sine eigne draumerobotar, og lage ringar til seg sjølve på 3D-printaren.