Masterkonferansen 2025

Kronstad - M006
Time icon
Når:05. desember   10:00
Varer til: 15:00
Legg til i min kalender

Formålet med konferansen er å skape ein fagleg og sosial møteplass for studentar, faglærarar, rettleiarar og samarbeidspartnarar i utdanningssektoren. Vi ønskjer å løfte fram dei flotte masteroppgåvene som er levert, og samtidig markere avslutninga på masterløpet for kandidatane våre. Etter konferansen er studentar som har levert masteroppgåver i Master i didaktiske praksisar, eller master i praktisk utdanningsvitskap invitert til avslutningsseremoni.

Program:

10.00–11.00: "Myter, moter og meiningar om master" - åpningsførelesing ved Øyvind Glosvik (M006) 
11.00–12.00: Felles varm lunsj (Kantina K1)
12.00: Posterpresentasjonar (Vrimleareal, underetasje K2)
12.30: Fagleg innlegg: Kriser i norsk utdanning (M006)
13.15: Presentasjonar av masteroppgåver (M006)

Påmelding i eiga lenke innan 24.november.