Oppgåveskriving i praksis: Panelsamtale om studenten sin skriveprosess og relasjon til rettleiar

Bergen, Biblioteket, Hop
Time icon
Når:19. mars   13:00
Varer til: 14:00
Legg til i min kalender

I panelet møter vi Alice, Thomas og Elin som vil snakke om bacheloroppgåva frå sine respektive perspektiv; studenten, rettleiaren og observatøren.

Alice S. Welsh jobbar som miljøterapeut på MO Nesttun (mottak og oppfølging av menneske i aktiv rus). Som bacheloroppgåve skreiv ho fagessayet Omsorg gjennom en lukket dør; isolerte tenåringsgutter i barnevernets omsorg, om korleis ein kan møte og etablere tillit hos eit menneske med relasjonstraume. Kunnskapen og ideane ho tilegna seg gjennom arbeidet med oppgåva har vore svært nyttige i jobben ho har i dag. Rettleiar for oppgåva hennar var Thomas Owren, førstelektor på vernepleie i Bergen med årelang erfaring i å rettleie studentar i tekstarbeid. 

Elin Gundersen, ansvarleg for kurs og skriveundervisning ved Høgskulebiblioteket i Volda og medredaktør for den heilt ferske boka Å skrive seg inn i profesjonen: Eit akademisk blikk på akademisk skriving i profesjonsutdanningar. Der har ho mellom anna analysert forordet i bacheloroppgåver for å sjå på studenten si oppleving av eigen skriveprosess.

Kristoffer Jul-Larsen, førsteamanuensis ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, leiar samtala.

Vi serverer kaffe og skillingsbollar!

Alle – og særskilt bachelorstudenten, er hjarteleg velkommen!