Lunsjkonsert med pianist Volodymyr Solyanik
Campus Sogndal, Tangenten
Velkomen til pianokonsert i Tangenten, 4.etasje i Høgskulebygget.
Det er ikkje første gong at den ukrainske pianisten Volodymyr Solyanik spelar på Høgskulen. Det er sikkert fleire som har lytta til han ved tidlegare høve.
Volodymyr og familien var nokre av dei første ukrainske flyktningane som kom til Sogndal våren 2022. Han hadde gode vener i Sogndal og dei stilte sjølvsagt opp, då ein fekk høyre at dei var på flukt ut av Ukraina. I samband med at det no er fire år sidan den russiske invasjonen av Ukraina, ønskjer Volodymyr å markere dagen med ein konsert i Tangenten.
Nyt lunsjen saman med vakker musikk. Volodymyr: The stage is Yours!