Sustainable Development: Bokslepp med Carlo Aall

Sogndal, Biblioteket
Time icon
Når:19. november   11:45
Varer til: 12:15
Legg til i min kalender

Noreg hadde alle moglegheiter til å verkeleg bli ein primus motor i berekraftspolitikken, men i løpet av meir enn tre tiår har landet likevel enda opp med å bli «eit berre nesten vellukka berekraftsland». Korleis hamna vi der? 

Carlo Aall, forskar ved Vestlandsforsking, har nyleg gitt ut boka Sustainable Development: An Account of Why Norway only Nearly Succeeded in Creating a Sustainable Climate Transformation. I boka tek han oss med gjennom ei historie om norsk berekraftspolitikk som byrja optimistisk, vi hadde sterke demografiske tradisjonar, fornybar vasskraft, små inntektsforskjellar, god offentleg økonomi og arven etter Brundtland-kommisjonen frå 1987 å byggje vidare på. Likevel meiner Aall at norsk klimapolitikk i dag handlar om «teknisk administrasjon» der ein har valt å gå vidare med den fossile økonomien, men kallar det for berekraftig vekst. Dessutan har omgrepet berekraft òg endra seg. Den opphavelege tanken om å omstille seg, kutte forbruk og satse på lokal skaparkraft er nesten vekke, i staden er det økonomisk vekst som avgjer utviklinga. Kva handlingsrom har vi i dag til å kunne snu dette? 

Velkomen til ein faglunsj der Carlo Aall i samtale med kollega Hans Jakob Walnum presenterer den nye boka som omhandlar eit særs viktig tema!

Presentasjonen vil gå føre seg på norsk.

Ta gjerne med deg matpakka, biblioteket serverer kaffi, te og sjokolade attåt!