Bli ein ansvarleg KI-brukar
Etisk bruk av kunstig intelligens krev bevisstheit. Her finn du gode råd om ansvar, kjelder, personvern og berekraft.
1. Ta ansvar
Når du leverer ei oppgåve, er det du som står som forfattar. Det betyr at du har ansvar for innhaldet – anten det er tekst, illustrasjonar, bilde, formlar eller kode. Dette er viktig for både fagleg integritet og læring.
2. Lær deg å lære
Er KI-verktøyet ei støtte til læringa di? KI kan vere nyttig for idéutvikling, struktur eller språk, men det er du som skal gjere det faglege arbeidet og det er di læring som er målet.
3. Ver kritisk og reflektert
Innhald produsert av KI-verktøy er basert på kjeldene verktøyet er mata med, noko som kan føre til at du får servert skeive framstillingar av til dømes kulturelle, kjønnsrelaterte eller ideologiske tema. Du må alltid vurdere innhaldet kritisk og bruke faglege kjelder for å bekrefte fakta.
4. Bruk med måte
KI-verktøy er ressurskrevjande i eit miljøperspektiv. Bruk verktøya med omtanke, og vurder om det finst meir berekraftige måtar å løyse oppgåva på.
5. Ikkje del ukritisk
Ikkje del sensitiv informasjon med KI-verktøy, og ikkje last opp andre sine tekstar eller bilde utan å spørje først. Dette handlar om både personvern og opphavsrett.
6. Bruk truverdige kjelder til kunnskap
KI-generert tekst er ikkje ei kjelde til fakta. Bygg kunnskapen din på pålitelege og etterprøvbare kjelder.
7. Prøv deg fram
Oppsøk hjelp og rettleiing og øv opp KI-kompetansen din. Du finn m.a. meir informasjon på nettsidene våre om bruk av kunstig intelligens (KI).