Utvikling og vidareutvikling av KI-verktøy, modellar, appar og anna

Skal du utvikle eller vidareutvikle verktøy, modellar, appar og anna som gjer bruk av kunstig intelligens?

I arbeidet med utvikling eller vidareutvikling av KI-verktøy, modellar, appar og anna bruk, er EU sine Ethics Guidelines for trustworthy AI særskild relevant. Ifølgje retningslinjene bør påliteleg kunstig intelligens vere:

  • Lovleg – i samsvar med gjeldande lover og forskrifter
  • Etisk – i tråd med etiske prinsipp og verdiar
  • Robust – både frå eit teknisk perspektiv og med omsyn til den sosiale konteksten

Vurderingsliste for påliteleg kunstig intelligens

EU har utvikla ei vurderingsliste som kan brukast i gjennomføring av ei eigenvurdering av om KI er påliteleg. Sju sentrale krav ligg til grunn:

  • Menneskeleg kontroll og tilsyn
  • Teknisk robust og tryggleik
  • Personvern og datastyring
  • Openheit
  • Mangfald, ikkje-diskriminering og rettferd
  • Miljømessig og samfunnsmessig berekraft
  • Ansvarleg bruk

Gjennom vurderingslista for påliteleg kunstig intelligens (ALTAI) blir desse prinsippa omsett til ei tilgjengeleg og dynamisk sjekkliste som rettleier utviklarar og brukarar i implementeringa av prinsippa i praksis. ALTAI skal bidra til at brukarar dreg nytte av kunstig intelligens utan å bli utsett for unødvendige risikoar, ved å angi konkrete steg for eigenvurdering.

EU-forordninga om KI

KI-forordninga Artificial Intelligence Act vart gjeldande i EU frå 1. august 2024, og vil truleg bli inkorporert i norsk lov i løpet av 2025.