
Fadderkoordinator i Bergen
Fadderordninga er noko av det første ein møter som ny student ved Høgskulen på Vestlandet. Fadderkoordinatorane skal samarbeide om å organisere og koordinere aktivitetar i regi av høgskulen, slik at alle nye studentar blir inkluderte på ein god måte.
HVL søker ein fadderkoordinator ved campus Bergen
Stillinga som fadderkoordinator inneber:
- Planlegging og gjennomføring av velkomstveka i samsvar med mandat for fadderordninga.
- Leder av fadderstyret.
- Samarbeid med høgskulen, fadderstyret, faddercrew, fadrar, studentorganisasjonane, Saman og lokalbefolkninga.
- Rekruttering og opplæring av fadrar.
- Samkøyring av fadderprogram med interne og eksterne aktørar.
- Informasjonsformidling.
- Evaluering av velkomstveka.
Stillinga som fadderkoordinator er eit engasjement lønna med 224 kr i timen i 340 timar. Timane vert fordelt frå januar til og med august. Studiestart er 10. august, og fadderkoordinator må vere tilbake på campus ei veke før studiestart. Opplæring vil bli gitt.
Dette er ein god mogelegheit for relevant arbeidserfaring innan leiing og koordinerande arbeid. Fadderkoordinator vil få attest.
Søknadsfrist: 16.11.2025.
Søknad og CV sender du på e-post til: fadderansvarleg@hvl.no.
Merk søknaden «Fadderkoordinator Bergen».
Søkar må beherske norsk munnleg og skriftleg, samt vere aktiv student i perioden for tilsetting.
Meir informasjon om stillinga får du ved å kontakte velkomstvekeansvarleg, Karoline Skare Øyerhamn.