Fadderkoordinator i Bergen

Ønsker du å gi dei nye studentane hausten 2021 den beste starten på studietida, utfordre deg sjølv, og vere med å skape engasjement i studentmiljøet?

Fadderkoordinator ved campus Bergen 

Fadderordninga er noko av det første ein møter som ny student ved Høgskulen på Vestlandet. Fadderkoordinatoren har rolla med å organisere og koordinere aktivitetar i regi av høgskulen, slik at alle nye studentar blir inkluderte på ein god måte.

Fadderkoordinator har ansvaret for gjennomføringa av faddervekene i eit tett samarbeid med fadderstyret, høgskulen, studentorganisasjonane, lokalbefolkninga, og ikkje minst fadrane.

Fadderkoordinator har det overordna ansvaret for rekruttering av nye fadrar til studiestart i august, samkøyring av fadderprogrammet og produksjon av relevant informasjon. Du skal også vere kontaktperson for fadderveka og fadderstyret, og delta i koordineringsmøta for studiestart.

Stillinga som fadderkoordinator er eit engasjement lønna med 330 timar (l.tr. 26). 

Søknadsfrist: 26. februar 2020.

Søknad sender du på e-post til: fadderansvarleg@hvl.no
Merk søknaden "Fadderkoordinator Bergen".

Meir informasjon om stillinga får du ved å kontakte organisasjonskonsulent for Studenttinget, Kristian Hovd Sjøli.

.