Fadderkordinator i Førde
Ønsker du å gi dei nye studentane hausten 2021 og våren 2022 den beste starten på studietida, utfordre deg sjølv, og vere med å skape engasjement i studentmiljøet?
Fadderkoordinator ved campus Førde
Fadderordninga er noko av det første ein møter som ny student ved Høgskulen på Vestlandet. Fadderkoordinatoren har rolla med å organisere og koordinere aktivitetar i regi av høgskulen, slik at alle nye studentar blir inkluderte på ein god måte.
Fadderkoordinator har ansvaret for gjennomføringa av faddervekene i eit tett samarbeid med fadderstyret, høgskulen, studentorganisasjonane, lokalbefolkninga, og ikkje minst fadrane.
Fadderkoordinator har det overordna ansvaret for rekruttering av nye fadrar til studiestart i august og januar, samkøyring av fadderprogrammet og produksjon av relevant informasjon. Du skal også vere kontaktperson for fadderveka og fadderstyret, og delta i koordineringsmøta for studiestart.
Stillinga som fadderkoordinator er eit engasjement lønna med 80 timar (l.tr. 26).
Søknadsfrist: Snarast!
Søknad sender du på e-post til: fadderansvarleg@hvl.no
Merk søknaden "Fadderkoordinator Førde".
Meir informasjon om stillinga får du ved å kontakte organisasjonskonsulent for Studenttinget, Arlene Henneli.