
Fadderkoordinator i Sogndal
Ønsker du å gi dei nye studentane hausten 2022 den beste starten på studietida, utfordre deg sjølv, og vere med å skape engasjement i studentmiljøet?
Søker to fadderkoordinatorar ved campus Sogndal
Fadderordninga er noko av det første ein møter som ny student ved Høgskulen på Vestlandet. Fadderkoordinatorane skal samarbeide om å organisere og koordinere aktivitetar i regi av høgskulen, slik at alle nye studentar blir inkluderte på ein god måte.
Fadderkoordinatorane har ansvaret for gjennomføringa av faddervekene i eit tett samarbeid med høgskulen, studentorganisasjonane, lokalbefolkninga, og ikkje minst fadrane.
Fadderkoordinatorane har det overordna ansvaret for rekruttering av nye fadrar til studiestart i august, samkøyring av fadderprogrammet og produksjon av relevant informasjon.
Stillinga som fadderkoordinator er eit engasjement lønna med 140 timar i lønnstrinn 35. Fadderkoordinator vil få attest og referanse til CV, dette er ein god mogelegheit for relevant arbeidserfaring innan leiing og koordinerande arbeid.
Søknadsfrist: 24. januar 2022
Søknad sender du på e-post til: fadderansvarleg@hvl.no
Merk søknaden "Fadderkoordinator Sogndal".
Søkar må beherske norsk munnleg og skriftleg.
Meir informasjon om stillinga får du ved å kontakte fadderansvarleg, Karoline Skare Øyerhamn