Skriverettleiar ved bibliotekets Skrivesenter
Biblioteket ved HVL søker etter studentassistentar som kan arbeide med skriverettleiing. Som studentassistent hjå oss arbeider du med rettleiing av medstudentar og hjelper dei med utfordringar rundt oppgåveskriving.
Om stillinga
Vi søker fire erfarne studentar på bachelor- eller masternivå i Bergen som trivst i studentrolla og gjerne hjelper andre med å oppleve meistring i studiesituasjonen.
For å arbeide med skriverettleiing må du vere interessert i tekst og skriveprosessar, og ha erfaring frå eigne skriveprosjekt.
Som skriverettleiar hjå oss vil du få nødvendig opplæring i arbeidsoppgåvene i form av eit rettleiingskurs 15.–17. august 2023. I dette kurset inngår emne som gode skriveprosessar, godt språk, korleis komme i gang med skriveprosjekt, akademiske konvensjonar for språk og tekst, utfordringar ved å ha norsk som andrespråk, samt god rettleiingspraksis.
Arbeidsoppgåver
- Individuell rettleiing i språk og/eller tekst på Skrivehalvtimen, på campus eller digitalt
- Administrere og avtale rettleiingstimar
- Arrangere aktivitetar på campus, mellom anna skrivefestival
- Ha ansvar for lokale, utstyr og rydding ved arrangement
- Møter med alle studentassistentane og tilsette ved Skrivesenteret
- Marknadsføring og synleggjering via sosiale medier
Vilkår og søknad
Skriverettleiarar kan rekne med å jobbe rundt fem timar i veka gjennom semesteret. Fast arbeidstid vil bli måndag eller torsdag mellom kl. 13 og 17. Timebetalinga er ltr. 35, ca. 191 kroner om du er bachelorstudent og ltr. 42, ca. 209 kroner om du er masterstudent. Opplæringa er lønna.
Korleis søke stillinga
Søknad med CV og motivasjonsbrev for stillinga kan sendast til fagleg koordinator for Skrivesenteret, Bodil Moss, og einingsleiar for studiestøtte Gunhild Austrheim.
Søknadsfrist 1. juni.