Publiser forskinga di i HVL sitt opne vitenarkiv

HVL Open er høgskulen sitt institusjonelle arkiv, og omfattar publikasjonar skrivne av studentar og tilsette. Målet er å gjere forskinga ved høgskulen meir synleg og tilgjengeleg for alle.

HVL Open

For tilsette

Tilsette arkiverer sjølve publikasjonane sine etter å ha registrert dei i Cristin. Når ein publikasjon er ferdig registrert, klikkar du på "Lever fulltekstdokument", og følgjer instruksjonene på sida vidare. Reine Open Access-publikasjonar kan lastast opp i den versjonen forlaget har produsert, mens artiklar i abonnementstidsskrift som regel må lastast opp som manusversjonar. Biblioteket sjekkar kva forlaget tillèt før publisering. Les meir om slik eigenarkivering på Open Access-sida vår ("Hvordan Open Access"). 

Instruksjonar for korleis du lastar opp publikasjonen din

Publiserer du i skriftserien til HVL, blir rapporten eller notatet arkivert i HVL Open. 

Publisering av doktoravhandlingar

Ph.d.-avhandlingar levert ved HVL skal arkiverast i HVL Open. Dette gjeld alle artikkel-baserte avhandlingar, og monografiar når det er mogleg. I HVL Open blir avhandlinga søkbar gjennom tenester som Oria, og opent tilgjengeleg for forskarar, studentar og andre interesserte.

Slik eigenarkiverer du avhandlinga:

  1. Logg inn i Cristin og søk opp eller registrer avhandlinga di.
  2. Under «Institusjonsarkiv» klikkar du på lenka Lever fulltekstdokument.
  3. Kryss av for at du har medforfattarars samtykke, vel dokumenttype «Forlagets publiserte versjon», finn fila og last opp – helst i PDF-format.
  4. Avhandlinga blir no sendt til HVL Open, der biblioteket klarerer den for arkivering. Artiklar som ikkje er publisert open access vil i einskilde tilfelle ikkje kunne publiserast som del av avhandlinga, men dei fleste forlag aksepterer arkivering av akseptert manusversjon. Biblioteket sørgjer i så fall for at moglege sperrefristar blir overhaldne.

Om forlaget sin publiserte versjon eller manus kan arkiverast som del av avhandlinga, vil som regel stå i publiseringsavtalen og på nettsida til forlaget. Mange forlag gir også moglegheit for klarering til gjenbruk gjennom copyright.com i tilfelle det ikkje er avtalt på førehand – sjå i så fall etter ei lenke kalla «Reprints and permissions» eller liknande på nettsida for artikkelen.

Monografiar kan som regel arkiverast som heile, men dersom du planlegg å publisere den som bok, på eit forlag, bør du sjekke om dei aksepterer open arkivering av den opphavelege, innleverte avhandlinga, og om dei i så fall ønskjer sperrefrist til ei tid etter publisering.

For studentar

Ønskjer du å gjere bachelor- eller masteroppgåva di tilgjengeleg for andre?

Publiser studentoppgåva di i HVL Open. 


Spørsmål?

Vi har ei eiga e-postadresse for alle spørsmål rundt HVL Open.

E-post