Sirkulærdagen i Bergen 11. mars
Sirkulærdagen rettar fokus mot ein meir klimasmart og miljøvennleg kvardag. Kva for moglegheiter har vi innan gjenbruk, matsvinn og resirkulering? Kan vi med enkle grep leve meir berekraftige liv?
Sirkulærdagen er for tilsette, studentar og andre interesserte som vil ta turen til HVL. Målet med dagen er å bli meir bevisst, og å peike på løysingar med hovudfokus på mat, kle og plast.
Program 10. mars
HVL Skape - Sirkulærøkonomi
Når: 18:00 - 20:00
Hvor: Space 162 - Makerspace
Velkomen til inspirasjonskveld med HVL Skape – møt gründarar som har satsa på berekraft og sirkulærøkonomi!
Tysdag 10. mars inviterer HVL Skape til ein inspirerande kveld der du kan møte gründarar som har berekraft og sirkulærøkonomi som ein sentral del av deira forretningsmodell. Det vert god stemning, matservering og inspirerande innlegg. Har du ein god idé er det også moglegheit for å vinne ein goodiebag fra HVL Skape. Vi skal vere på HVLS hotteste lokasjon: Space 162 – som er HVLs nyetablerte makerspace i K2.
Program 11. mars
Film og frokost - BIFF 2025
Når: 08:30-10:00
Kor: Kronstadtorget
Kom å kickstart morgonen med noko spanande! Vi inviterer deg til å sjå ein dokumentarfilm om prisen for den grønne kapitalismen. Vi stiller med frukost og dokumentaren Vi som solgte landet.
Enten du er ein dokumentarelskar, ein frokostentusiast, eller bare nysgjerrig på korleis det er å gå frå fossile energikjelder til fornybare alternativ, er dette eit arrangement du ikkje vil gå glipp av!
Klesbytemarknad
Når: Innlevering av klede 08:00-11:45
Byting av klede starter 12:00-13:00
Kor: Navlestrengen
Har du klede du ikkje brukar lenger? Lever dei inn på campus mellom biblioteket og kantina. Du vil motta ein kupong per plagg, som du kan bruke for å byte med andre plagg. Maks 5 plagg kvar - du får éin kupong per plagg.
Kleda må være heile, reine og av god kvalitet.
Dei som har levert inn klede kan hente ut nye plagg frå kl. 12-13. Etter kl. 13 er det fritt fram for alle!
Reperasjonsverkstad
Når: 11:00 - 14:00
Hvor: Navlestrengen
Har du klede du ønsker å reparere? Ta med deg klede og få hjelp av Skredder Strokach til å gi nytt liv i klede. Vi stiller med maskiner, tråd og ekspertise. Skal du byte glidelås, feste knapper eller liknande må du hugse å ta det med deg.
Sirkulær litteratur og agrikultur på biblioteket
Når: 09:00-15:00
Hvor: Biblioteket
Visste du at biblioteket har eit eige Frøbibliotek? Du kan hente gratis frø som du kan plante og dyrke i vinduskarm eller hage. Om du sjølv har frø du vil dele, merk dei med sort og ditt namn, så tek vi dei inn og pakkar om til utdeling og glede for fleire.
I tillegg har vi ei bokutstilling med bøker frå samlinga vår. Vi har samla mange fine bøker med tips til ein grønare kvardag. Utlånstida er 4 veker.
Sirkulære frø og bøker på biblioteket er gratis som alltid!