Sirkulærdagen i Sogndal 25. mars
Sirkulærdagane rettar fokus mot ein meir klimasmart og miljøvennleg kvardag. Kva for moglegheiter har vi innan gjenbruk, redesign, resirkulering og reparasjonar? Kan vi med enkle grep få eit meir berekraftig forbruk?
Onsdag 25.mars
Sirkulærdagane er for tilsette, studentar og andre interesserte som vil ta turen til HVL. Målet med desse dagane er bli meir bevisst, og å peike på løysingar innan sirkularitet og berekraft. Velkomen!
Program
kl.08:30 - Filmfrukost
Kantina kl.08.30-10.00
Vi syner den nylanserte dokumentarfilmen "Vi som solgte landet", og serverer gratis havregraut med topping!
Filmen "Vi som solgte landet", regissert av Kieran Koll, tar et kritisk og engasjerende blikk på hva som skjer når naturen vår blir solgt og forandret i grønne skiftets navn. Gjennom personlige møter med folk som opplever at naturen og lokalsamfunnet deres blir rasert av utbyggingsprosjekter, viser filmen hvordan protestene deres ofte blir avfeid og hvordan dette utfordrer tilliten til demokratiske prosesser. Med sterke visuelle bilder gir dokumentaren nytt perspektiv på konfliktene mellom naturvern, lokalsamfunn og klimapolitikk.
Les om filmen og sjå trailer her.

kl.11:15 - Inspirasjonslunsj
Biblioteket kl.11:15-12:30
Gjer avfall om til undring og handling!
HVL Skape, Sogn Næring og Biblioteket på HVL inviterar til smakfull lunsj og inspirerande presentasjonar i sirkularitetens teikn. Bli med på ein inspirerande lunsj der me byggjer bru mellom store idear og verkelege sirkulære løysingar.
Ta ein matbit og høyr frå ulike perspektiv som tenkjer nytt om korleis me ser, sorterer og reddar ressursane våre, og dessutan korleis me tenkjer nytt om rolla vår som miljøaktørar. Frå visuell historieforteljing og fotografering til dei nyaste initiativa som taklar våre største avfallsutfordringar og korleis me kan forvandla lokalt avfall til funksjonelle, uventa nye rom.
- Bilete for endring: Fotografi for sosial og miljømessig handling
- Dr. Conohar Scott - Fremtiden for lokalt avfall: kamp mot plast- og tekstilavfall
- Jørn Mortensen, SIMAS - Ein berekraftig sirkulær økonomi med omsyn til folk og planetens tolegrenser - Hans Jakob Walnum, Vestlandsforskning
- Fra skrap til badstover og meir
- Jesper Bergsland, HVL
NB: Det er bestilt ein mengd med mat, så kom tidsnok for å sikra deg ein herleg matbit frå SmakeMeir! Heilt gratis.
Grøne stands
Kantina kl.12:00-14:00.
Møt SIMAS, Framtiden i våre hender, Sjøspretten og fleire på grøne stands. Vi serverer bollar og kaker.
Torsdag - Quiz på Meieriet!
Meieriet kl.20:00
Alexander Dalseth Bruvik frå arbeidsutvalet i Studenttinget på Vestlandet held quiz på studenthuset Meieriet. Quizen har eit særleg fokus på tematikken rundt Sirkulærdagen, men ein blir òg testa i andre kunnskapsområde.
Dørene opnar kl. 19:30, og vi håpar å sjå både tilsette, studentar og gjester konkurrere i vekas quiz.
Det krevst inga førehandspåmelding, og det er maks 6 deltakarar per lag.
Inngangspris:
Frivillige: 10 kr
Medlem: 30 kr
Gjester: 50 kr
Kontaktpersonar