Sirkulærdagen i Bergen 12. mars

Sirkulærdagen rettar fokus mot ein meir klimasmart og miljøvennleg kvardag. Kva for moglegheiter har vi innan gjenbruk, matsvinn og resirkulering? Kan vi med enkle grep leve meir berekraftige liv?

Sirkulærdagen er for tilsette, studentar og andre interesserte som vil ta turen til HVL. Målet med dagen er å bli meir bevisst, og å peike på løysingar med hovudfokus på mat, kle og plast.

 

PROGRAM 12. mars - Sirkulærdagane

Frukostmøte; bokbad, samtale og satire

Amfiet, K2 
Vi inviterer til frukostmøte med bokbad og samtale om naturtap og klimaangst, og korleis vi skal mobilisere for å engasjere oss til å gjere noko.

Kl. 08.15  Lett frukost og kaffi/te. OBS! PÅMELDING TIL FRUKOSTMØTET 12. MARS 

Kl. 08.30 – 09.30  Bokbad med Sigri Sandberg og boka «Det året eg vakna». Deretter samtale med forfattaren, professor Knut Rydgren ved HVL og Oda Nordaas Solheim frå Studenttinget, leia av prorektor for forskning Christine Øye.

Kl. 09.30 - 09.45 Vi avsluttar bokbadet med ein satirisk kommentar fra Ken André Ottesen, BAdesKen. Han tar med seg nokre av avisutklippa sine til Kronstad for å fortelje oss litt om kva vi eigentleg tenker om klima, ver, og alt det andre som er viktig nok til å få ein notis i lokalavisa.

infoskjerm_frokostmøte_12mars (002).jpg

Foredrag om Matsvinn og berekraft

Amfiet i K2
Kl. 10.00 – 11.10  Matsvinn og bærekraft - Bli inspirert til å spise opp maten din! med Karoline Korneliussen frå Matsentralen Vestland, introdusert av professor Natalia Mælhe.

Visste du at det kastast over 100 brød i minuttet i Noreg? Kvar einaste dag kastast det 1200 tonn med eteleg mat her i Noreg.
Kva kan vi gjere med dette? Jo, vi treng å bli medvitne matreddarar. Vi treng at heilt vanlege folk som deg og meg, et opp maten vår.

Natalia vil til slutt gje oss eit innblikk i hennar nye EU-prosjekt Foodmission, som skal kartleggja korleis forbrukarar kan vere drivkraft for eit meir berekraftig matsystem

Dokumentarfilm «Plastic People»

Mimes Brønn, K1: 
Kl. 10.00-12.00  Filmvising: «Plastic People» med innleiing av Katherine Duarte, (aktuell med boka «Bærekraftskommunikasjon»):
Grønn, grønnere… grønnvasking? Når bærekraft bare er ord!

Stands og aktivitetar

Vrimleområdet ved kantine/bibliotek i K1:
kl. 12.00-15.00:

Klesbytemarknad

Klimafestival Varmere Våtere Villere

Varmere Våtere Villere-stand

Velkommen innom Klimafestivalen på stand! Her kan du få informasjon om alt det viktige, spennende og morsomme som skjer i Bergen de neste tre dagene; det blir show, foredrag, debatter, konserter, filmer og mye mer som du ikke vil gå glipp av. Visste du har studenter får halv pris på alle billetter? Festivalen begynner 12. mars, klokken 16.00! Se fullstendig program her

Litteratur og agrikultur på biblioteket

Biblioteket gir vekk bøker og frø som du kan plante ut. I tillegg har vi ei sirkulær bokutstilling med bøker frå samlinga vår.

Sirkulære frø og bøker på biblioteket er gratis som alltid! 

Parsellhagen til HVL

Vi har egen parsell i Fløen parsellhage. Er du interessert i å dyrke dine egne planter og grønnsaker. Kom innom standen for meir info.

 

Velkommen!

Sirkulærdagane er gratis for alle deltakarar og ein del av Klimafestivalen  Varmere Våtere Villere: