Samfunns- og arbeidslivsrelevans

Kandidatane som får vitnemål frå HVL skal vere attraktive for arbeidslivet, og samtidig vere i stand til å tileigne seg ny kunnskap både gjennom arbeidsgjevar og ny formell utdanning hjå oss eller andre utdanningstilbydarar.

Å vere tett på samfunnet rundt er sentralt i HVL sin strategi, og samarbeidet med arbeidslivet er særleg viktig for å utvikle nye og vidareutvikle dei eksisterande studieprogramma våre. HVL har formalisert samarbeid med ei rekke eksterne aktørar, verksemder, nettverk og klynger, og arbeider systematisk for å vidareutvikle det eksterne samarbeidet.

Praksis

Godt samarbeid, erfaringsdeling og informasjonsutveksling mellom studentane, praksisfeltet og høgskulen er sentralt for å sikre god kvalitet i praksis. Dette vert mellom anna sikra gjennom samarbeidsavtalar og eigne praksisavtalar mellom HVL og aktørane som tar i mot studentane våre. I tillegg er det jamlege møte i ulike samarbeidsorgan mellom representantar på ulike nivå i høgskulen, kommunesektoren, helseføretak og andre aktørar.

Meir om praksis

Kompetanseforum

Kompetanseforum Vestland og Kompetanseforum Rogaland er samarbeidsorgan for kompetansearbeid i regionane, koordinert av den aktuelle fylkeskommunen. Kompetanseforuma er HVL sine råd for samarbeid med arbeidslivet, og rektor representerer HVL begge stader.

Kompetanseforum Vestland har som mål å leggje til rette for at kompetanse skal drive fram utvikling i arbeidslivet, avdekke kva kompetansegap som finns i arbeidslivet, og finne løysingar på korleis desse skal fyllast. Forumet vert leia av ein fylkesdirektør. I Vestland er det òg regionale kompetanseforum, og HVL er medlem i fleire av dei.

Kompetanseforum Rogaland er eit partnarskapssamarbeid som skal forme og iverksette regional kompetansepolitikk. Forumet har ansvar for å følgje opp den regionale kompetanseplanen og tilhøyrande handlingsprogram. Hovudmålet er å sikre at kompetansebehova i fylket vert forstått og formidla på ein effektiv måte. Forumet vert leia av fylkesordførar.

For HVL skal arbeidet i kompetanseforuma bidra til å vidareutvikle utdanning, forsking og utviklingsarbeid tett på arbeidslivet.

Meir om HVL som samarbeidspartnar