Studentdata
Kvantitative studentdata er ein del av arbeidet med kvalitet i utdanningane. Desse skal brukast saman med kvalitative data (t.d. emnerapportar, referansegruppemøte og liknande) for å vidareutvikle studietilbod på både emne- og studieprogramnivå.
Tilsette og leiarar har tilgang på rapportar som gjev forskjellig informasjon og statistikk om studieprogramma, mellom anna i DBH og Star/Tableau.
Studentdata presentert i DBH og i Star/Tableau har begge FS (Felles studentsystem) som hovudkjelde.
Studentane ved HVL svarar også på fleire større og mindre undersøkingar gjennom studieløpet. Data frå desse undersøkingane er viktige i det overordna kvalitetsarbeidet ved høgskulen og i arbeidet på fakulteta og dei einskilde studieprogramma.
Undersøkingane inkluderer mellom anna:
- Rekrutteringsundersøkinga (HVL)
- Anonyme emneevalueringar (HVL)
- Studiebarometeret (HK-dir)
- Studentenes helse og trivselsundersøkelse (SHoT) (Studentsamskipnadar)
- Kandidatundersøkinga (HVL i samarbeid med Saman, UiB og NHH)