Fakultetsrådet

Fakultetsrådet er rådgivande organ for dekanen ved fakultetet.

Medlemmar i rådet

Valkrets undervisning og forskarstilling (UF)

1. Britt Moene Kuven
2. Kjetil Grimastad Lundberg
3. Maria Nordheim Alme
4. Ole Tormod Kleiven

1. vara Kari Marie Thorkildsen
2. vara Petrin Hege Eide
3. vara Tone Jørgensen
4. vara Bente Frisk

Valkrets teknisk-administrative

1. Hilde Kristin Tveit
2. vara Linda Thue Lydersen
2. vara Kristen Stæger- Breisnes

Valkrets eksterne representantar

1. Sissel Brusegård (fylkeskommunen)
2. Astrid Toft (KS)
3. Olav Klausen (Helse Fonna)

1. vara Linda Farestveit
2. vara Elin Wetås de Jara
3. vara Helga Stautland Onarheim

Valkrets studentar

1. Fredrik Sørensen
2. Olivia Aarheim Hjertø

1. vara Johannes Menzel Knudsen 

Funksjon for rådet

Rådet skal ta del i drøfting av og gje råd i overordna saker som dekan legg fram. Rådet kan på eige initiativ også løfte fram saker det finn å vere av strategisk eller prinsipiell karakter.

Oppgåver for rådet

Fakultetsrådet skal drøfte og gi dekan råd i slike saker: 

  • mål og strategiar for fakultetet sin sentrale utdannings- og forskingsaktivitet, og anna aktivitet som følgjer av samfunnsoppdraget
  • fagleg prioritering og dimensjonering med utgangspunkt i mål, ressursgrunnlag av økonomisk eller kompetansemessig art, og utviklingstrekk i sektor og relevante samfunnsområde
  • samhandling med samfunns- og næringsliv, fakultetet si rolle som leverandør av kunnskap og kandidatar, og som aktiv deltakar i samfunnsdebatten
  • verksemdstyring, langsiktig kvalitets-, plan- og budsjettarbeid
  • oppfølging av prioriterte satsingar i strategiplanen
  • vesentlege endringar i organisasjonsdesign for fakultetet
  • saker der HVL-styret eller rektor eksplisitt ønskjer fakultetsrådet sine vurderingar

Fakultetsrådet skal haldast informert om verksemda i fakultetet gjennom:

  • årsrapport og årsrekneskap og andre relevante periodiske
  • institusjonelle rapportar knytt til systematisk verksemdstyring
  • årsrapportar og andre relevante periodiske rapportar knytt til fakultetet si verksemd
  • samandrag frå styringsdialog med leiinga ved høgskulen
  • nasjonale og institusjonelle målingar av omdømme, kvalitet og kandidatetterspurnad, og andre dokument som er særleg viktige for rådet sitt høve til å ta del i strategiske spørsmål