jentekoret

Jentekoret ved Høgskulen på Vestlandet

Jentekoret ved Høgskulen på Vestlandet er eit veletablert kor for unge songarar i alderen 11 til 18 år. Koret tar inn nye medlemmar kvart år i august og januar.

Vil du vere med?

Koret øver på Campus Kronstad, rom C413, kvar onsdag frå klokka 1630 til 1820.

Kontakt dirigent Felicity Burbridge Rinde eller leiar for koret, Johanne Lind Aasen. 

Velkomen til oss!

Litt om historia

Koret startet allereie i 1976. Felicity Laurence var initiativtakar bak, og første dirigent for, Bergen lærerhøgskoles barnekor, som det heitte då. Ho var tilsett ved musikkseksjonen ved Bergen lærerhøgskole.

Ideen var at barnekoret skulle vere eit demonstrasjonskor for musikkstudentane for å utdanne gode korleiarar. Utan opptaksprøver ville Laurence vise kva som var mogeleg å få til med heilt "vanlege" barn.

Det var likevel fleire store songtalentar som trødde sine barnesko i Lærerhøgskolens barnekor. To av dei var Sissel Kyrkjebø og Karoline Krüger.

Maria Gamborg Helbekkmo overtok leiinga etter Felicity Laurence i 1983. Med korte avbrekk, dirigerte ho koret heilt fram til våren 2011 – frå barnekor til jentekor, til aspirantkor og ungdomskor. Ungdomskoret fekk namnet Voci Nobili.

Ein kortare periode frå hausten 2008 til våren 2010 var Trine Daviknes dirigent for koret. Hausten 2011 overtok Tiri Bergesen Schei som dirigent. Sidan august 2016 har Felicity Burbridge Rinde vore dirigent. 

Koret har dei seinare åra vore med på spanande prosjekter med mellom anna Datarock under Festspillene i Bergen, på plateslipp med artist Steinar Hjelmbrekke i Fana kulturhus og En arktisk messe av Frode Fjellheim i Bergen domkirke. Som tidlegare er koret ein arena der lærarstudentar ved HVL kan få erfaring som barnekorleiarar. 

Koret er tilslutta Ung i kor. 


Felicity Burbridge Rinde
Dirigent
Johanne Lind Aasen
Leiar for koret