I arbeidsutvalet for Studenttinget på Vestlandet

Ved morgonkaffien hin dagen slo eg av ein prat med Ariel Miranda Framvik (24). Ho er student ved bachelor i nautikk og er inne i sitt tredje og avsluttande år. Samstundes sit ho i arbeidsutvalet for Studenttinget på Vestlandet.

Korleis let det seg gjera å kombinera studiar og studentpolitikk?

- Det let seg gjera med god planlegging og høg arbeidsinnsats. Eg har ein 30 prosents-stilling til å skjøtta vervet i Studenttinget. Nautikk-utdanninga er krevjande. Men eg tykkjer begge deler er interessant, so det er veldig kjekt og meiningsfullt.

Korleis gjekk det til at du gjekk inn i studentpolitikken?

- Eg vart aktivt rekruttert. Studenttinget arrangerte tur for å rekruttera folk, ein såkalla giratur. Der vart eg teken fatt i av ein engasjert student frå Stord, Khiem Nguyen, og så var eg i gang. Eg kom inn i november 2022 og eg tok attval for året 2023-2024.

Eg anar på dialekta di at du ikkje kjem frå korkje Haugalandet eller Vestlandet?

- Eg er frå Ballangen i Nordland. Det er verkeleg eit langt stykke herifrå. Og eg oppdaga vel eigentleg ikkje kor langt det var før eg flytta til Haugesund. Og eg undervurderte også flyprisane på Vestlandet. Men eg har aldri angra.

Kvifor valde du å studera nautikk?

- Eg er oppvaksen med sjø, båt og seglbåt. Eg har alltid vore glad i sjøen. So hadde eg førstegongstenesta på kystvaktskipet Svalbard. Der treivst eg veldig godt.

Kvifor valde du Høgskulen på Vestlandet og Haugesund som studiestad?

- Det var ganske tilfeldig. Eg såg på ulike alternativ og eg tykte opplegget i Haugesund verka veldig fint. Og eg trivst veldig godt. No har eg overtala eit par frå heimfylket til å koma hit.

Du skriv bachelor-oppgåve i nautikk. Kva handlar den om?

- Eg undersøker korleis dei ulike reiarlaga stiller seg til trakassering og mobbing om bord i båtar. Me tek utgangspunkt i ein ny rapport frå Sjøfartsdirektoratet som viser at det er tale om høgare tall enn det ein skulle ønska. Me baserer vår undersøking på intervju med ulike ansvarlege i reiarlaga.

Har du lagt planar for livet etter fullført utdanning?

- Det er so mange moglegheiter. Mellom anna har eg sett på ulike reiarlag. Arbeidsmiljø og leiing er viktig, og eg ser til dømes at Eidesvik er veldig gode der. Eg tykkjer også at arbeidet på brønnbåt verkar spanande. Då får ein også verkeleg prøvd seg på presisjonsnavigering.

So vegen går til sjøs?

- Ja, i alle fall i første omgang. Eg vil fullføra kadett-tida. Det er mykje å læra om bord i ein båt sjølv om ein har ein bachelor-grad. Me lærer grunnkunnskapen til å læra meir og utvikla oss i praksis. Etter kadett-tida får eg vurdera nærare. Det er også mange arbeidsmoglegheiter i land og på kontor. Mykje godt arbeid må faktisk skje på land for å få ting til å fungera om bord.

Kvar har du tenkt å etablera deg?

- Det har eg ikkje langsiktige planar om. Men eg bur i Haugesund og har kjærast i Stavanger. I mykje av norsk sjøfart er Vestlandet det beste utgangspunktet.


Takk for praten, Ariel Miranda, og lukka til med både studiar og engasjement i studentpolitikken!