Alle innlegg frå Gunnar Yttri

  • Saman med mine rektor-kollegaer Hanne, Pia og Peer ved høvesvis Nord universitet, Universitetet i Sørøst-Norge og Høgskolen i Innlandet har eg skrive ein tekst om dei akutte utfordringane profesjonsmeldinga er nøydd til å handtera.

  • Ved arbeidsdagar på dei ulike campusane til Høgskulen på Vestlandet, er det jamt interessant og inspirerande å sjå dei mange ulike kunstverka som prydar og pregar bygg og uteområde.

  • Onsdag 10. januar opna Høgskulen på Vestlandet ny læringslab på Campus Førde. Med dette har me etablert læringslab i Førde, Bergen, Sogndal, Haugesund og på Stord, det vil seia ved alle våre fem campus.

  • Dette er jubileum som markerer hendingar med opphav på Vestlandet, hendingar som har hatt ringverknader for heile Noreg fram til vår eiga tid.

  • Nyttårshelsing

    Takk for alt samvær og samarbeid i året som gjekk! Eg gler meg til å gå inn i 2024 i godt hopehav med dykk alle.

  • Fredag 15. desember møtte eg Anne Kverneland Bogsnes, direktør i Nav Vestland, på campus Bergen. Overskrift for møtet: Korleis kan me styrka samarbeidet mellom NAV og Høgskulen på Vestlandet i 2024?

  • Førebur bok

    Denne gode gjengen er i full verksemd med å planleggja boka som i 2025 skal markera at det er 50 år sidan barnehagelærar-utdanninga i Sogndal vart skipa.

  • Nyttårshelsing

    Takk for alt samvær og samarbeid i året som gjekk! Eg gler meg til å gå inn i 2024 i godt hopehav med dykk alle.

  • Høgskulen på Vestlandet er inne i ei utvikling der me stadig forskar meir. Det er gledeleg å sjå at folka våre og forskinga som vert utført har gjennomslag i internasjonale journalar.

  • Skrivinga er disiplinerande for tanken, sa min rettleiar Francis Sejersted ein gong tidleg på 1990-talet. I desse dagar får alle studentar ved Høgskulen på Vestlandet ei skrivebok.

  • Ved morgonkaffien hin dagen slo eg av ein prat med Ariel Miranda Framvik (24). Ho er student ved bachelor i nautikk og er inne i sitt tredje og avsluttande år. Samstundes sit ho i arbeidsutvalet for Studenttinget på Vestlandet.

  • Torsdag 2. november arrangerte Khrono debatt om sjukepleieutdanning og innverknaden i det norske samfunnet. Debatten fann stad ved campus Haugesund.

  • På morgonkvisten fredag 28. oktober møtte eg Henrik Haug (24 år) leiar i Studenttinget på Vestlandet. Han var på farten til Kristiansand, der Norsk studentorganisasjon gjennomfører sin haustkonferanse.

  • Hin dagen møtte eg Mathias Havnen Tønnessen på kaien på Leikanger i Sogn. Me skulle begge med båten til Bergen. Eg på veg til Campus Bergen. Mathias på veg til Campus Haugesund. Det vart tid til ein prat.

  • Onsdag 18. oktober hadde Høgskulen på Vestlandet gleda av å vera arena for Bergen seniorkonferanse. På Kronstad møttest 120 deltakarar i Mimes brønn.

  • "Løysinga sit i denne salen", sa Sandra Borch, statsråd for forsking- og høgare utdanning, i det framsynte hovudinnlegget ho tysdag 10. oktober heldt på UH-nett Vest si leiarsamling på Solstrand Hotel.

  • Prosjektet "Children with disabilities and UN Rights Conventions" er det største prosjektet som Norsk senter for utvekslingssamarbeid (NOREC) i dag finansierer. HVL og vårt fagmiljø i bachelor i Vernepleie er ein av fire partnarar i prosjektet som har overordna føremål å betra barn med utviklingshemming sine lærevilkår og helse i Noreg og i Tanzania.

  • Onsdag 27. september var det ei stor ære og glede å helsa kronprins Haakon velkommen til Høgskulen på Vestlandet og visa omkring på vårt vakre campus i Sogndal.

  • Appell ved heradshuset i Sogndal, 23. september 2023: - Hjarteleg til lukka med dagen! - Det er ei gleda å delta på Prideparade, det er ei æra å få halde appell!

  • Fleire gonger i veka frå klokka 17–19 helsar HVL-studentane Mohammed Al-Ali, Marie Eide, Ariam Dawit Woldu og Samuel Lee ved campus Bergen velkommen til grunnskuleelevar på 10. trinn som vil styrka seg innanfor matematikk og realfag.

  • Torsdag 7. september opna Morten Hammerborg, professor i historie ved Høgskulen på Vestlandet, jaktsesongen på Litteraturhuset i Bergen.

  • Onsdag 7. september hadde Høgskulen på Vestlandet gleda av å ønska statsråd for forsking og høgare utdanning, Sandra Borch, velkomen til campus Bergen. Det vart ein god samtale og me er glade for statsrådens engasjement for å bli kjend med sektoren.

  • Jobjørn Røkenes Myren (21 år) er i gang med andre året av det 3-årige bachelorstudiet i informasjonsteknologi ved campus Førde. Dette kombinerer han med å vera tillitsvald for studentane og å spela volleyball for Førde og det norske landslaget.

  • Valdagen 11. september nærmar seg. Førehandsrøysting er mogleg fram til og med 8. september. Ordninga legg til rette for høg valdeltaking og god utvikling av demokratiet vårt.

  • Studentar og tilsette på våre campus i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord vert rusta til internasjonal utveksling.

  • Mastergradsutdanninga i maritime operasjonar som Høgskulen på Vestlandet har saman med Hochschule Emden/Leer hadde fin oppstart ved campus Haugesund måndag 28. august.

  • Geeraert Hogent frå Gent i Belgia og Melanie Vick frå Københavns professionshøjskole skal dette halvåret fordjupa seg i friluftsliv i ein pedagogisk kontekst. Sunnhordlandsbassenget gir fint utgangspunkt.

  • I samband med 12-års minnemarkeringa for 22. juli la varaordførar Torstein Tvinnereim i Stryn kommune ned blomar og framførde følgjande helsing på vegner av Høgskulen på Vestlandet ved minnesmerket i Betaniaparken.

  • Heile styret som går i gang frå 1. august 2023 er no klart. Eg vil gjerne få gratulera med styreverv til alle medlemmer.

  • Dette er eit viktig spørsmål i vår tid og eit sentralt spørsmål for det nordiske forskarnettverket Nordyrk som 7.-9. juni møtast på HVL og campus Bergen.

  • Fire punkt ramma inn orienteringa mi til byrådsleiar Rune Bakervik i møtet mellom Bergen kommune og Høgskulen på Vestlandet torsdag 1. juni.

  • Onsdag 24. mai vart Sunniva Whittaker, rektor ved UiA - Universitetet i Agder, vald til leiar for styret i Universitets- og høgskolerådet (UHR) for perioden 1. juli 2023 - 30. juni 2025. Foto: Skjermdump fra uhr.no

  • Godt val

    Eit levande studentdemokrati med engasjerte, dugande og kritiske studentar er eit grunnvilkår for utviklinga av Høgskulen på Vestlandet HVL, og det komande Universitetet på Vestlandet.

  • Fin campusdag

    Onsdag 26. april var det campusdag ved alle dei fem campusane ved Høgskulen på Vestlandet HVL.

  • Denne veka tek eg del på det årlege stemnet til European University Association (EUA), Annual Conference 2023. Staden er Gdansk University of Technology. Emnet er «impact» - universitet og høgskular sin innverknad for folk, verksemder og samfunn i Europa.

  • Laurdag 15. april vart Statsraad Lehmkuhl helsa velkommen heim til Bergen og Noreg etter 20 månaders jordomsegling.

  • Søknadsfrist til høgare utdanning, demografiske endringar og det komande universitetet sin regionale, nasjonale og internasjonale innverknad er stikkord for årets påskehelsing.

  • HVL set stor pris på vertskommunemøta. Møta er borne fram av ei sterk fellesinteresse for å utvikla studiestadane og slik styrka grunnlaget for regional utvikling.

  • I urolege tider er det særleg fint å leggja fram om det lovande arbeidet ved Høgskulen på Vestlandet HVL til våre folkevalde.

  • Denne veka har eg hatt gleda av å ta del i den høgtidlege opninga av det imponerande nybygget, sjølvaste Vestlandshuset, i Lars Hilles gate i Bergen sentrum.

  • Kvinnesak er menneskesak. Kvinnerettar er menneskerettar. Kvinner. Liv. Fridom.

  • Eg er særleg nøgd med at Sunnfjord kommune har laga og vedteke "Studentmelding 2023 - 2026. Strategi for utvikling av Førde som student- og universitetsby".

  • Studentpraten

    Sara Hønsi (21) frå Stavanger studerer informasjonsteknologi ved Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen. Ho er mykje oppteken med studiane og handterer også eit stort omfang studentverv og frivillig arbeid. Ho innvilga rektor ein rask prat.

  • Fredag 24. februar er det eitt år sidan dei russiske åtaka på Ukraina tok til. I desse dagar er det mange ulike arrangement knytt til eittårsdagen for krigsutbrotet, nokre med samband til Høgskulen på Vestlandet og våre campus.

  • I 15 år har Samtidsdagane på campus Stord løfta fram viktige tema og sterke stemmer.

  • 6. februar er nasjonaldagen til samane. Til lukka med dagen frå Høgskulen på Vestlandet!

  • Samarbeidet mellom leiing og tillitsvalde er grunnleggjande viktig. Denne veka hadde eg gleda av å møta dei hovudtillitsvalde i Høgskulen på Vestlandet.

  • «Samspel mellom by, bygd, universitet og høgskule for framifrå velferdstenester». Dette var tittelen då statsråd for forsking og høgare utdanning Ola Borten Moe opna og leia det første innspelsmøtet til ny profesjonsmelding på Oppdal.

  • Hånd som holder en penn

    Om morgonen tysdag 17. januar stiller rektor og toppleiinga ved Høgskulen på Vestlandet og leiar i Studenttinget på Vestlandet, Jelle Sebastian Bruin, på frukostmøtet til Språkrådet og Universitetet i Bergen.

  • Godt nytt år!

    Takk for alt samvær og samarbeid i året som gjekk! Eg ser fram til å gå inn i 2023 saman med dykk alle.

  • Desembertankar

    Det er tid for å kveika lys både ute og inne. Lys gir håp, lys minner om at noko fint står føre.

  • Høgskulen spelar ei stor og viktig rolle i Vestlandet sin tilgang på kompetanse. Tre av fire av våre kandidatar vert verande i regionen etter fullendt utdanning.

  • HVL-student Ruben Johnsen Davidsen i padleutstyr, framføre Sogndalselvi og campus Sogndal.

    Sogndalselvi i haustsol, Sogndalselvi i haustregn. Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal.

  • Bilete av førsteamanuensis Roger Ekeberg Henriksen, tilsett ved HVL.

    Forsking ved HVL

    Forsking ved HVL - publisert vitskapeleg og internasjonalt, formidla nasjonalt, og med funn som kan takast til følgje og gjera livet til menneske betre.

  • Jón Atli Benediktsson på scenen, rektor ved Universitetet på Island (Háskóli Íslands).

    Nordiske universitetsdagar vart i dag opna i Brüssel av Jón Atli Benediktsson, rektor ved Universitetet på Island (Háskóli Íslands).

  • Fatt mot!

    9. september 2022 var ein historisk dag for Høgskulen på Vestlandet. Her er min tale under doktorpromosjonen.

  • I desse dagar gjennomfører me internasjonale dagar på alle våre fem campus og med besøk frå fleire utanlandske universitet. Eg har hatt gleda av å ta del i Haugesund og på Stord.

  • Kvinne som sitter på biblioteket

    Dette er so bra, dette er so viktig: Biblioteket ved Høgskulen på Vestlandet innfører opningstider som tek det gode tilbodet for alle studentar til nye høgder.

  • Faddervakt i Bergen by fredag kveld. Ein heil flokk stiller kveld etter kveld. Godt organisert av Sammen Bergen med Henrik Waage Tjore i brodden.

  • I biblioteket ved Campus Haugesund, Høgskulen på Vestlandet HVL, møtte eg denne veka dei fire matrosane Jonathan August, Tilde, Andreas og Ola. Dei har «tjuvstarta» det nye studieåret.

  • 1. august og rundt omkring i Noreg er studentar i ferd med å setja bu for studieåret 2022-2023. Måtte dei alle møta gode og rimelege vilkår!

  • Det er full rulle med studentopptak til komande studieår ved Høgskulen på Vestlandet HVL. Eit rikt spekter av utdanningar ved campus i Bergen, Sogndal, på Stord, i Haugesund og i Førde skal ta opp nye studentar.

  • Bilete av Harald Spångberg og Per Fredrik Lennart Hemmingsson.

    Sommarferie? Ikkje for flokken i Auditorium E, Campus Haugesund. Siste veke byrja dei på Høgskulen på Vestlandet sitt sommarkurs i matematikk ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap.

  • Dei første kandidatane frå den femårige grunnskulelærar-utdanninga, innført i 2017, er klare. 301 – trehundre og ein – av desse er utdanna ved Høgskulen på Vestlandet HVL, på Kronstad i Bergen, på Rommetveit på Stord og på Fosshaugane i Sogndal.

  • Anton Aleksander Hansen Kalstadstuen

    Arbeidsdag på Høgskulen på Vestlandet HVL, Campus Førde. Yrande liv på Vie og ikkje minst lyden av verdig og stilfull markering av eit nytt kull med nyutdanna sjukepleiarar, nær 70 i talet.