Regjeringa må setje kraft i å styrka fleircampus­institusjonar

Saman med rektor-kollegaene mine ved Universitetet i Sørøst-Norge, Nord universitet, og Høgskolen i Innlandet, - Pia Bing-Jonsson, Hanne Hansen og Peer Jacob Svenkerud - har eg forfatta ein tekst i Khrono. Me presenterer korleis nedgangen i studiepoeng-produksjon slår ut for universitet og høgskular.
Sviktande rekruttering av studentar til sjukepleie-, barnehagelærar- og grunnskulelærar-utdanning er eit alvorleg trugsmål mot velferd og utvikling i bygd og by.

Økonomien til universitet og høgskular som tilbyr desse utdanningane vert svekka når studieplassar står tomme og færre studentar tek eksamen og fullfører utdanning.

Fleircampus-institusjonar, dei universitet og høgskular som har mandat til å utdanna i store geografiske område, og både i by og bygd, vert hardast råka. Grunnlaget for å tilby samfunnsberande utdanningar i heile Noreg vert slik svekka.

Her er teksten i Khrono