Samarbeidspartnar frå Tanzania

Prosjektet "Children with disabilities and UN Rights Conventions" er det største prosjektet som Norsk senter for utvekslingssamarbeid (NOREC) i dag finansierer. HVL og vårt fagmiljø i bachelor i Vernepleie er ein av fire partnarar i prosjektet som har overordna føremål å betra barn med utviklingshemming sine lærevilkår og helse i Noreg og i Tanzania.

Dette skjer gjennom gjensidig kunnskapsdeling og utveksling mellom sør og nord. Ved HVL har me ti studentar frå Open University of Tanzania (OUT), Dar Es Salaam og Patandi Teacher College in Special Needs Education (PATCO), Arusha. Dei kjem til campus Bergen og campus Sogndal.

Vidare er seks studentar frå utdanningsinstitusjonane i Tanzania på utveksling på vernepleieutdanninga ved Høgskolen i Molde. I tillegg til studentar er tilsette frå dei fire utdanningsinstitusjonane på utveksling i prosjektet i tre månader.

Fint å få treffa og bli betre kjend med prosjekt og menneska.