HVL sitt rike tilbod av etter- og vidareutdanningar

Praksisnær. Forskingsbasert. Tverrprofesjonell. Fleksibel. Deltid. Digitalt. Fysisk. Undervisningskvalitet.

Høgskulen på Vestlandet sitt rike tilbod av etter- og vidareutdanningar har visse kjenneteikn.

Det aller viktigaste er likevel studentar som vil satsa på å skaffa seg meir kunnskap. Ved Fakultet for helse- og sosialvitskap åleine teiknar det til over 1 600 studentar på vidareutdanningar hausten 2022. Fleire av desse kan gå inn i ei master-utdanning. Det skjer i Haugesund, på Stord, i Bergen, i Sogndal og i Førde. Mange gjer dette ved sidan av arbeid i krevjande stillingar.

Ved arbeidsdag på Campus Førde slo eg av ein prat med studentar som tek vidareutdanningar innanfor rusproblematikk og psykisk helse. Det vart ein prat om føremoner og ulemper ved digital og fysisk undervisning. Ikkje minst vart det ein prat om kor komplekst det er å arbeida med rusproblematikk og psykisk helse, og kor bra det difor er å møta studentar med ulik profesjons- og fagbakgrunn i studiet. I studentflokken var det mellom anna barnevernspedagog, sjukepleiar, sosialantropolog og barnehagelærar.

Me snakka også om at ulike arbeidsgjevarar har ulike ordningar for å støtta opp om etter- og vidareutdanning. Nokre arbeidsgjevarar har gode ordningar for dei som vil satsa på å bygga meir kunnskap på arbeidsplassen. Nokre studentar må betala det meste sjølv. Felles er i alle fall ønsket om å skaffa seg meir lærdom som kan gagna arbeidet. Felles for studentflokken er også at dei er tilsett i ulike verksemder på Vestlandet.

Takk for praten Susann Melani Waszak Smørdal (28 år), miljøterapeut i ECURA, Bergen
Veronika Erstad (43), miljøterapeut, Solli distriktspsykiatrisk senter,
Elise Malme (30), aktivitetsrettleiar/treningskontakt i Aurland kommune,
Håvard Fotland Sæbø (26), miljøterapeut, Bergen kommune,
David Postelt (34), aktivitetskoordinator, Sogndal kommune,
Stine Sortevik (32), rådgjevar i Sogn og Fjordane friomsorgskontor, Florø,
Giske Quam (42), miljøterapeut, Austrheim kommune,
Anna Njøs Sleppen (29), miljøterapeut, Haraldsplass barnevern, Bergen
Benedikte Hansen (29), Regional avdeling for spiseforstyrringar, Bergen, og
Inger-Anne Austrheim (45), sjukepleiar ved sjukeheim, Austrheim kommune!