Takk til dyktige studentar!

Det er utført eit imponerande arbeid, eit krafttak for studentengasjement dette studieåret.

Resultata er gledelege og gir håp for framtida. Studentar har teke tillitsverv både i dei ulike utdanningane og i ulike råd og utval Høgskulen på Vestlandet.

Studentar har med si røyst teke aktivt del i retningsgjevande vedtak. Dette utfaldar seg på alle våre fem campus: I Haugesund, på Stord, i Bergen, i Førde og i Sogndal. Det er særs gledeleg at talet på linjeforeiningar, der studentane koplar faginteresse med det sosiale, har auka. Koplinga av fagleg engasjement og godt sosialt lag gagnar student, høgskule og samfunn.

Takk for alle spørsmål, takk for alle svar, takk for evne til kritikk, og takk for tolmod og vilje til samarbeid. Dykkar solide bidrag gjer HVL betre og er formande for det nye profesjons- og arbeidslivsretta Universitetet på Vestlandet.

Denne veka var det difor fint for å få takka av Arbeidsutvalet i Studenttinget på Vestlandet for all innsats i studieåret 2022-2023! Vel blåst Jelle Sebastian Bruin, Ingrid Solberg, Synne Seim Helleland, Ruth Emilie Skjærvik Nygård og Khiem Nguyen.

Like fint var det å få takka Frida Lunde Høisæther og Alexander Papas for innsatsen i styret for Høgskulen på Vestlandet i studieåret 2022-2023.


Alexander Papas og Frida Lunde Høisæther.