Nytt UHR-styre på plass

Onsdag 24. mai vart Sunniva Whittaker, rektor ved UiA - Universitetet i Agder, vald til leiar for styret i Universitets- og høgskolerådet (UHR) for perioden 1. juli 2023 - 30. juni 2025. Foto: Skjermdump fra uhr.no
Svein Stølen, rektor ved Universitetet i Oslo (UiO), vart vald til nestleiar.

Valet vart gjort i representantskapsmøte som fann stad i Kristiansand og med Universitetet i Agder som framifrå vertskap.

Etter valet av leiar og nestleiar valde representantskapet eit fulltallig styre. Det nye styret har ei fin blanding av framhald og nybrott, og eg er veldig nøgd med å vera ein av styremedlemmane.
 
UHR er interesseorganisasjonen for universitet og høgskular, og styret vil gå i brodden for å fremja høgare utdanning, forsking og nyskaping i Noreg.