Internasjonalt på campus Stord

Geeraert Hogent frå Gent i Belgia og Melanie Vick frå Københavns professionshøjskole skal dette halvåret fordjupa seg i friluftsliv i ein pedagogisk kontekst. Sunnhordlandsbassenget gir fint utgangspunkt.
Dei to av studentane på Høgskulen på Vestlandet sitt internasjonale studium, Fjords and glaciers, på campus Stord er særs nøgde med studiet, oppstarten og det første møtet med Rommetveit og Stord. Slikt er godt å høyra.

Årets studentar på Fjords and glaciers, 17 i talet, kjem frå Sveits, Spania, Belgia, Nederland og Danmark.