Fatt mot!

9. september 2022 var ein historisk dag for Høgskulen på Vestlandet. Her er min tale under doktorpromosjonen.

Kjære ordførar, fylkesvaraordførar, doktorar, kjære gjester, kjære kollegaer, kjære vener av Høgskulen på Vestlandet!

Kjære alle som tek del og gjer denne stunda rik!

Gratulera med dagen, doktorar!

I dag feirar me dykk, nye doktorar ved Høgskulen på Vestlandet, 25 doktorar i talet. De vil snart få overrekt doktor-diplomet, det handfaste provet på det vitskaplege arbeidet de har utført, det handfaste provet på målet kvar og ein av dykk har nådd.

Våre nye doktorar kjem frå 10 ulike land: Noreg, Sverige, Finland, Litauen, Iran, Spania, Nepal, Tyskland, Kina og Tyrkia.

Doktorgrad er det høgaste nivået for formell utdanning i Noreg. Det finst ingen snarvegar til dette verket. Det fordrar konsentrert arbeid gjennom dagar, veker, månader og år. Det skal gjennomførast i ei tid i dykkar liv med små og store viktige hendingar, hendingar som ikkje nødvendigvis gjer det vitskaplege arbeidet lettare å gjennomføra.

Å halda fast ved arbeidet, å halda fast ved målet, det fordrar ei særskild kraft og ein ekstraordinær innsats. Det fordrar tid, det fordrar flid.

GunnarYttridoktorpromosjon.jpg

Dagen i dag, 9. september 2022, er historisk i vår høgskule. Kjære doktorar, de har med dykkar arbeidd lagt grunnlaget for den aller første doktor-promosjonen i Høgskulen på Vestlandet.

Eg talar til dykk i Mimes brønn her på Kronstad. I norrøn mytologi var Mimes brønn sjølve kjelda til kunnskap og visdom. So Mimes brønn er ein god stad å tala. Men eg helsar dykk frå fem campus, eg helsar dykk frå campus Bergen, eg helsar dykk frå campus Førde, eg helsar dykk frå campus Stord, eg helsar dykk frå campus Haugesund og eg helsar dykk frå campus Sogndal. Eg helsar dykk frå styret for høgskulen. Eg helsar dykk frå heile Høgskulen på Vestlandet!

Dykkar arbeid er viktige byggesteinar i det komande Universitetet på Vestlandet.

Kjære doktorar!

Tillat meg å dela litt av all denne merksemda som er retta mot dykk med resten av høgskulen, berre ei lita stund.

Høgskulen på Vestlandet er ung. Me har vore i full verksemd i dryge fem år.  Me har skipa og sett fem heilt nye doktorgradsprogram i full drift, fire av desse på eigen kjøl, eitt i samarbeid med andre universitet. Eg kjenner på takksemd.

Takk for alt arbeid som er lagt ned ved våre fire fakultet: Fakultet for ingeniør- og naturvitskap, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Fakultet for helse- og sosialvitskap og Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap.

Ei særleg takk til doktorgradsprogramma, med leiarar, undervisarar og rettleiarar. Takk for alt kunnig strev!

Takk til vår administrasjon som legg profesjonelt til rette for at gode ting kan finna stad. Takk til biblioteket som gjer den internasjonale kunnskapsallmenningen tilgjengeleg. Det er ein allmenning me utvidar. 

Takk til alle for at de deler og tek dei høge ambisjonane for høgskulen vår til følgje i arbeidet kvar einaste dag. Og ikkje heilt sjeldan også på kveldstid.

I dag er me stolte og glade for frukter av vårt arbeid.

I dag kjære doktorar, er me stolte over dykk.

DoktorpromosjonDanning.jpg

Me har 14 doktorar frå doktorgradsprogrammet  «Studiar av danning og didaktiske praksisar».

Me har 8 doktorar frå programmet «Datateknologi: programvareutvikling, sensornettverk og berekningsorientert ingeniørvitskap»

Me har 1 doktor frå programmet «Helse, funksjon og deltaking»

Me har 2 doktorar frå programmet «Ansvarleg innovasjon og regional utvikling».

Mykje er nytt.  Mykje er skapt i den nye profesjons- og arbeidslivsretta høgskulen. Fem-åringen.

Men dykkar forskingsarbeid, doktorar,  står godt inn i våre tradisjonar. De står fjellstøtt på vårt historiske felleseige. Vår lærarutdanning har røter tilbake til seminaret på Stord for Bergens stift frå 1839, jordmorutdanning i Bergen tok til i 1861. I Haugesund sporar me maritim utdanning tilbake til 1874 og ingeniørutdanninga vår har røter til skipinga av Bergens Tekniske Skole i 1875.

Den etterfølgjande framveksten av vår forsking og våre studiestadar har i kvar si tid vore bunde saman med framveksten av moderniseringa av Noreg og utbygginga av velferdssamfunnet.

DoktorpromosjonDatateknologi.jpg

I dag utdannar og forskar me i økonomi, næring og teknologi, innanfor helse, velferd og omsorg, innanfor oppvekst, idrett og opplæring, og innanfor natur, kultur og samfunn.

Merk: Vår institusjon og dykkar vitskapelege arbeid inngår i eit større, langvarig samband mellom kunnskap og samfunn.

Det er ein over 2000 år gamal tradisjon tilbake det gamle Hellas. Det ligg nær å ty til den store tenkjaren og læremeistaren Aristoteles for å  klargjera dei ulike kunnskapsformene me dyrkar fram, 

Det er den vitskaplege kunnskapen – episteme,

Det er den praktiske kunnskapen – techne, og

Det er den gode dømmekrafta, altså kunnskapen til å handla rett i den enkelte situasjon,  – fronesis.

Hjå Aristoteles heng utøvinga av kunnskapsformene nøye saman med dei menneskelege dygdene: Dygd, dugleik, å duga. Dygdene er personlege eigenskapar som er naudsynte for å leva eit godt liv som menneske.

Det å vera sannferdig er ei av dei klassiske dygdene. Kvart steg i forskinga er ramma inn av viktige etiske val. Det å vera sannferdig og å søka sanninga er grunnleggjande.

I framhald av dette og av dykkar fullførte vitskaplege arbeid, vil eg peika på ei anna av Aristoteles sine dygder: Mot.  

DoktorpromosjonFHS.jpg

Eg oppmodar dykk doktorar om å vera modige. Fatt mot! Fatt alltid mot! Ha mot til å ta forskinga inn i utdanningane våre, ha mot til å gå vidare med forsking, ha mot til å stå opp for vitskap, ha mot til å stå opp for kunnskap. Vit dette: De står aldri åleine.

I vår type institusjon, der samarbeid med private og offentlege aktørar står so sentralt, må dette samspelet vera ramma inn av grunnleggjande akademiske normer, vårt vitskaplege etos. Grunnlaget for vår samfunnsverdi ligg i at me forvaltar vitskapelege metodar, forskingsbasert kunnskap og akademisk fridom på beste vis.

I ei tid med ufred, økonomisk uvisse, villfarne informasjonsstraumar og konspirasjonsteoriar, er det universitet og høgskular si oppgåve å hegna om vitskap og rasjonalitet, leggja grunnlag for den gode dømmekrafta, og skjera gjennom spreiinga av løgn, propaganda og forsøk på manipulasjonar.

Det er vår oppgåve, å søka sanninga og leggja vitskaplege metodar til grunn for forsking og utdanning. Det er vår oppgåve å formidla denne kunnskapen lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Det er vår oppgåve å dyrka ytringskultur og å gi trygge rammer og byggja mot hjå våre forskarar.

Til slutt, kjære doktorar:

Takk for dykkar tid, takk for dykkar flid.

I kraft at det de gjer

I kraft av det de er

Lat  Høgskulen på Vestlandet sin visjon verta  til røyndom:

Kunnskap som bygger menneske og samfunn.

Hjarteleg til lukka med dagen!

Lukka til vidare i all dykkar ferd!

Les også saka på hvl.no om den historiske doktorpromosjonen