Godt møte med Sunnfjord kommune

Eg er særleg nøgd med at Sunnfjord kommune har laga og vedteke "Studentmelding 2023 - 2026. Strategi for utvikling av Førde som student- og universitetsby".
Høgskulen på Vestlandet HVL har fem moderne campus - i Bergen, i Haugesund, på Stord, i Sogndal og i Førde. Ved kvar studiestad har me faste møte med vertskommunen. Studentrepresentantar og Studentsamskipnaden Saman er alltid med.
 
Sist veke hadde me møte med Sunnfjord kommune ved varaordførar Anne Lilleaasen og leiar for nærings og samfunnsutvikling Trond Ueland, frå Saman Sogndal og Førde direktør Monica Solheimsnes, og frå Studenttinget på Vestlandet Ruth Emilie Skjærvik Nygård.
 
Det vart eit godt møte der campusutvikling og studentrekruttering var på dagsorden. Eg er særleg nøgd med at Sunnfjord kommune har laga og vedteke "Studentmelding 2023 - 2026. Strategi for utvikling av Førde som student- og universitetsby".
 
Strategien set lys på korleis regionen og kommunen både kan leggja til rette for og styrka Førde som studentby. Meldinga syner vidsyn og vilje, og vitnar om ein kommune som ser forsking og utdanning, og ikkje minst menneska som utfører dette, som avgjerande for ei sunn samfunnsutvikling.