
Pokerlag i kveld?
Hin dagen møtte eg studentane Anne Lønn (22 år) og Steinar Møller (23) i full aktivitet på Kronstad. Dei førebudde pokerkveld på Kronstad.
Anne er frå Stord og er student ved grunnskulelærarutdanninga 1. -7. trinn på andre året. Steinar er frå Rindal i Trøndelag og er snart ferdig med andre året i bachelorutdanninga i fysioterapi.
Men då eg møtte dei var det ikkje studiar dei helst ville snakka om, men ein nært føreståande pokerkveld på Kronstad.
Anne og Steinar er begge aktive i BTS - Bergen Teknikersamfund, studentsamfunnet ved HVL campus Bergen. BTS har røter tilbake til 1877.
Pokerkvelden går inn ein serie av ulike student-arrangement frå strikking via måling til poker, med meir.
Lukke til med tilstellinga Anne og Steinar!
Takk for arbeidet de gjer for å byggja eit godt studentmiljø!
Ikkje noko kjem av seg sjølv og det sosiale og faglege heng ofte nøye saman.