Digitalt møte i Teams med arbeidsutvalet ved Studenttinget på Vestlandet.

Møte med det nye arbeidsutvalet ved Studenttinget på Vestlandet

Veka før studiestart var det ei stor glede for rektoratet å møta det nye Studenttinget på Vestlandet (arbeidsutvalet).

Håp, kraft, idérikdom og talent spring ut frå studentar ved fem campus og tvers gjennom den digitale møteforma. Studieåret 2022-2023 lovar godt ved Høgskulen på Vestlandet HVL.

Møtet sette lys på følgjande:

  1. Gode universitet og høgskular er kjenneteikna av engasjerte studentar.
  2. Engasjement og demokrati kjem ikkje av seg sjølv.
  3. Me lever i tider der dei byggande fellesskapa er under press.
  4. I studieåret 2022-2033 skal det arbeidast med studentmedverknad på alle nivå i HVL, frå den tillitsvalde i den einskilde klasse, til studentar si rolle i råd, utval og styre.
  5. Skal HVL klara å ta fullt ut sine fortrinn ved å ha fem campus, må studentengasjementet vera sterkt på kvart campus.

Takk for godt møte! Me sjåast snart igjen og i mellomtida skal det handlast!

Arbeidsutvalet ved Studenttinget på Vestlandet:
Jelle Sebastian Bruin (leiar); Ingrid Solberg(nestleiar); Synne Seim Helleland; Ruth Emilie Skjærvik Nygård; Solveig Malmanger, Khiem Nguyen

Organisasjonskonsulentar i møte:
Stian Golden, Florian Andreas Wingens

Frå rektoratet i møtet:
Rektor Gunnar Yttri, prorektor for utdanning Anne-Grethe Naustdal prorektor for forsking Gro Anita Fonnes Flaten