Relevant forsking i det nye universitetet

Høgskulen på Vestlandet er inne i ei utvikling der me stadig forskar meir. Det er gledeleg å sjå at folka våre og forskinga som vert utført har gjennomslag i internasjonale journalar.

I HVL har me eit par av dei mest publiserande forskarane i heile Noreg. Men styrkinga av forskingskulturen gjennomsyrer heile organisasjonen. So kan det rundt oss stundom vera ein otte for at me vert for teoritunge og arbeider med problemstillingar med lite innverknad for folk og samfunn utanfor akademia.

Men tek ein eit blikk på forskinga vår vil ein stadig finna at det er forsking som

1) har relevans for studentar og utdanning på alle nivå,

2) har relevans for samfunns- og arbeidsliv.

Med forskingspublikasjonane som er utstilt på biblioteket Campus Haugesund som døme, ser me tema der kunnskapsbygginga kjem eller kan koma til praktisk nytte.

  • Branntryggleik i industrien.
  • Branntryggleik i omsorgsbustad.
  • Evakuering av fartøy i polare farvatn.
  • Digital simulering i maritim utdanning.
  • Metodeproblematikk i maritim forsking.
  • Medverknad og deltaking i prosjektleiing i samband med bygging av nytt sjukehus.
  • Høve til arbeidsplasslæring ved hjelp av digitale verktøy.
  • Flyktningar si integrering i arbeidsmarknaden.
  • Handtering av overvekt i familiar.
  • Profesjonelt helsearbeid etter Covid-19.

Å stadig styrka forskinga og utdanningane sitt forskingsgrunnlag er ein vesentleg del av utviklinga av Høgskulen på Vestlandet. Å ha aktiv forsking og forskarutdanning i heile høgskulens faglege breidde, vil vera eit sentralt kjenneteikn ved det komande universitetet.

Høgskulen har difor utvikla og driv i dag fire doktorgradsprogram, og tilbyr også eit femte i samarbeid med andre universitet.

Men eit anna viktig kjenneteikn ved det nye Universitetet på Vestlandet vil vera det tette samspelet med det omkringliggjande arbeids- og samfunnsliv. Det profesjons- og arbeidslivsretta universitetet dyrkar samspel om utdanning, samspel om nyskaping og samspel om forsking. Arbeidsmåten byggjer på det beste i høgskuletradisjonen og finn støtte i moderne innovasjonsteoti. Arbeidsmåten spring ogso ut av visjonen vår: Kunnskap som byggjer menneske og samfunn.