Giratur for studentengasjement og studentdemokrati

Helga 30. september til 1. oktober samlast nær 100 studentar i Norheimsund.

Studentane kjem frå alle våre fem campus - frå Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og Stord. Namnet på reisa er Giratur 2023.

På dagsorden står studentengasjement og studentdemokrati. Programmet omfattar ei fin blanding av faglege innleiingar og sosialt lag.

Høgskulen på Vestlandet, Norsk studentorganisasjon og Studentsamskipnaden Saman bidreg med innlegg, men ikkje minst er dette Studenttinget på Vestlandet sitt verk.
 
Ingenting kjem av seg sjølv. For å byggja eit godt og levande studentdemokrati trengst det førebuing og vedlikehald. Hin dagen møtte eg Henrik Haug og Mathias Havnen Tønnessen.

Henrik er leiar i Studenttinget på Vestlandet, Mathias sit i arbeidsutvalet og er promotering- og rekrutteringsansvarleg. Ved vårt møte var dei i full sving med å førebu Giratur 2023.

Lukka til!