HVL har laga ny plattform for leiing

Leiarplattforma presiserer leiarskapen sitt ansvar for å hegna om og å utvikla akademisk ytringsfridom.

Tekstar som formulerer tydelege verdiar og ideal, og som gir tydeleg rettleiing, kan stundom vera like kjærkome som brøytestikker på ein aude fjellveg midtvinters.

Høgskulen på Vestlandet har dei siste vekene  arbeidd fram ein ny plattform for leiing.

Det vil seia at me har utarbeidd ein tekst som legg rammer og retning for utøving av leiing i høgskulen fram mot 2030. Plattforma legg grunnlag for at me skal nå ambisjonar og mål innanfor utdanning, forsking og nyskaping.

Leiarplattforma presiserer leiarskapen sitt ansvar for å hegna om og å utvikla akademisk ytringsfridom.

«Leiarar i akademia må ta ansvar for å støtte, fremje og beskytte vitskapleg tilsette og studentar i aktivt å bruke den akademiske ytringsfridommen sin.»

Setninga er henta rett ut av Kierulf-utvalet si utgreiing om akademisk ytringsfridom (NOU 2022:22).

Det kjem stadig påminningar om at god ytringskultur ikkje kan vedtakast, men må arbeidast med jamt og trutt. Eller som det gode utvalet slår fast alt på framsida: «God ytringskultur må byggjast nedanifrå, kvar dag.»

Det er i kvardagen, i det daglege arbeidet at rommet og kulturen for ytringar vert til. Og skulle ein famla eller gå seg vill, er Kierulf-utvalet sine ti ytringsvitreglar (på båe målformer!) lett tilgjengelege. Det er tale om ei hugseliste for god ytringskultur. Slik sett har fleire av ytringsvitreglane preg av alminneleg folkeskikk og kan også tena som ei påminning utanfor akademia.

Og skulle ein streva med grunngjevinga for kvifor akademisk ytringsfridom er so grunnleggjande viktig for menneske og samfunn, so kan ein gå til det same utvalet si kortfatta «Erklæring om ytringsfridom» (ogso på båe målformer).

I arbeidet med å hegna om akademisk ytringsfridom og ønskje om å byggja ein god ytringskultur, vil høgskulens verdiar - inkludera, samhandla og utfordra - vera ein styrke.

Høgskulen på Vestlandet ar sett seg høge mål for 2024 og for åra som kjem. Samstundes teiknar det til at dei økonomiske rammene vert merkbart strammare.

Det er mi von at leiarplattforma gir grunnlag for ei god utvikling slik det sømer seg ein akademisk fleircampusinstitusjon. Omfattande, men meiningsfullt arbeid står føre.