Skrivebok til alle studentar

Skrivinga er disiplinerande for tanken, sa min rettleiar Francis Sejersted ein gong tidleg på 1990-talet. I desse dagar får alle studentar ved Høgskulen på Vestlandet ei skrivebok.

Toril Moi har formulert det slik: Å skriva er å tenka.

Me er omgjevne av digitale verktøy og eit spekter av hastige og sterke inntrykk. Men kva om den beste læringa og den beste tenkinga skjer med eiga handskrift på papir? Studentane vert oppmoda om å finna ut korleis dei lærer best.

Kan skriving på papir vera eit nyttig tilskot til det digitale?

Ja, var svaret til sjukepleiestudent Dina Gromholt då eg møtte ho i Haugesund i 7. desember 2021.

Og ja var svaret mitt då og ja er svaret mitt i dag. Men kvar einskild student får finna ut kva som verkar.