Til lukka med Vestlandshuset!

Denne veka har eg hatt gleda av å ta del i den høgtidlege opninga av det imponerande nybygget, sjølvaste Vestlandshuset, i Lars Hilles gate i Bergen sentrum.
Til lukka med det imponerande nybygget til Vestland fylkeskommune, til lukka til oss alle!

Til opninga var kvar av ordførarane i Vestland fylke, 43 i talet, invitert til å ta med seg ein stein heimanfrå. Ved sjølve opninga bygde ordførarane i tur og orden og saman, ein felles stein-varde. Den fine symbolhandlinga vart leia av fylkesvaraordførar Natalia Antonia Golis.
 
Den vestlandske «steinsamlinga» gav godt høve til å møta og å fotografera fylkesordførar Jon Askeland og dei fremste folkevalde frå alle kommunar i Vestland i 2023.
 
Høgskulen på Vestlandet har individuelle samarbeidsavtalar med fylkeskommunen og kvar einaste av dei aktuelle kommunane, avtalar me fyller med folk som utviklar og driv høgare utdanning, forsking og nyskaping.

Vestlandsmøtet i Vestlandssalen (dagen etter opninga av nybygget) mønstra ein serie vestlandske døme - folk som arbeider hardt og som ikkje gir seg, og som lukkast - døme frå Skansen i Bergen, Osterøy, Moster, Bremanger og andre gode stadar på Vestlandet - konkret grunnlag for framtidsvon i ei uroleg tid. Tusen takk!
 
Eg gler meg til framhaldet!