Eit møte med fysioterapistudentane i Bergen

Visste du at Høgskulen på Vestlandet HVL kvart år utdannar nær 70 fysioterapeutar?

I dag tidleg møtte eg ein flokk 3. års studentar, bachelor i fysioterapi. Dei var lette å få auga på idet dei konsentrert utforska bruk av rullestol i dei varierte og rikhaldige lokalitetane på Kronstad. I deira midte var Richard Heltzer, ingeniør frå Knarvik og røynd rullestolbrukar, på bakrommet (auditoriet) dreiv høgskulelektor og doktorgradsstipendiat Unni Moen og doserte teoretisk grunnlag. Både Richard og Unni tok seg tid til ein kort prat med meg, det same gjorde student Peter Stene Rolland.

doktorgradsstipendiat_unni_moen_foto_gunnar_yttri.jpg
Høgskulelektor og doktorgradsstipendiat Unni Moen.

Kva er dette for eit opplegg, Unni? 
Vår ambisjon er å utdanna dei aller beste fysioterapeutane både i dag og for framtida. Det å ikkje berre vera teoretisk skulert, men også å kjenna til og å kjenna på kroppen kva det er å vera rullestolbrukar, er då heilt grunnleggjande. Difor er samarbeidet med Richard so viktig..

richard_heltzer_kronstad_foto_gunnar_yttri.jpgIngeniør Richard Heltzer saman med studentar frå fysioterapiutdanninga

Kva driv du med til dagleg, Richard, og korleis gjekk det til at du demonstrerer rullestolbruk for våre studentar?
Til dagleg har eg 100% stilling som ingeniør i firmaet Beerenberg. Eg kjenner Unni frå tidlegare då eg har møtt ho både på Haukeland universitetssjukehus og i Idrettsklynge Vest. Det er veldig bra å få gi studentane kjennskap til korleis ein kvardag artar seg for ein rullestolbrukar. På den eine sida går det for mange an å leva eit normalt liv, på hi sida er det småe fysiske hindringar som utgjer ein skilnad.

petter_stene_rolland_student_fysioterapi_hvl_foto_gunnar_yttri.jpgPeter Stene Rolland er 3. årsstudent ved bachelor i Fysioterapi på HVL

Kva tenkjer du om opplegget, Peter?
Det er faktisk veldig kjekt. Ved fysioterapiutdanninga er ein generelt dyktige til å kopla saman teori og praksis. Det er viktig for studentane og det er viktig for yrkesutøvinga. Dette er eit nytt døme på dette.

Kva har overraska deg frå dagens undervisning?
Eg er overraska over kor lite som skal til for at ein rullestolbrukar skal få trykk-sår. Det er viktig å vera merksam på dette. På hi sida er eg også overraska over kor lite som skal til for å forhindra trykk-sår, om ein har kunnskapen og evnar å ta kunnskapen i bruk.

Kva er verdien av opplegget med rullestolbruk i praksis?
Det er mykje å henta ut av dette. Ved sjølv å setja seg i ein rullestol kjem ein nær korleis det verkeleg er. Då ser ein også kvifor fysisk utforming av hus og terreng i smått og stort er so viktig. Ved å sjå Richard i aksjon ser me som studentar også kor sjølvstendig og uavhengig ein rullestolbrukar kan vera i kraft av innøvde teknikkar og praktiske ferdigheiter.

Kva har du tenkt å arbeida med i framtida, Peter?
Slik det ligg an i dag kan eg tenka meg å arbeida ved ein privat klinikk. Dette fordi eg likar varierte oppgåver innanfor fysioterapien. Eg har nok ein særleg interesse for dagens tema, nevrologi og revmatologi, men er ein «allrounder». So er det uansett slik at eg skal ha eit år i turnusteneste før eg søker arbeid som fysioterapeut. Og då kan det dukka opp noko nytt og spanande innanfor faget som fangar mi interesse. So framtida er eigentleg heilt open.

Takk for praten Unni, Richard og Peter! Lukka til vidare til dykk og alle våre studentar i fysioterapi!