Jakta på vestlendingen

Torsdag 7. september opna Morten Hammerborg, professor i historie ved Høgskulen på Vestlandet, jaktsesongen på Litteraturhuset i Bergen.

Forfattaren bak samtidsklassikaren "Bergenseren - En historisk analyse" vil finna ut kva Vestlandet er og kven vestlendingen er.

Jakta vart innleia med ein samtale om Haugesund, byen mellom Bergen og Stavanger. Kva er Haugesund sine samtidige og historiske kjenneteikn? Kva er eigentleg forholdet til Stavanger i sør og til Bergen i nord? Finst det fellesinteresser? Kva er reelle motsetnader? Er ein haugesundar sin identitet meir knytt til Vestlandet enn til Rogaland?

Forutan Hammerborg besto kveldens jaktlag av Sverre Meling jr., dagleg leiar for Maritimt Forum for Haugalandet og Sunnhordland og Morten Joachim Henriksen, sjef for Haugesund Teater, båe frå kvar sin kant med djupare innsikter om Haugesund og næraste omland.

Men jakta på vestlendingen held fram. Morten Hammerborg siktar i tida som kjem mot fleire djupdukk i samtalar med kunnskapsrike folk frå ulike geografiske område på Vestlandet. Det er berre å følgja med, lytta og vera stille. Regionbygging pågår.