Nyttårshelsing

Takk for alt samvær og samarbeid i året som gjekk! Eg gler meg til å gå inn i 2024 i godt hopehav med dykk alle.

I tider med ufred og uvisse ønskjer eg at me i 2024 klarar å leggja eit sterkare grunnlag for kraft, mot og glede hjå dei unge:

Kraft til å bruka seg sjølv og eigne dugleikar, mot til å satsa på utdanning og kunnskap, gleda over å bidra til ei god utvikling for einskildmenneske og for samfunnet.

Eg ser fram til å ta fatt på eit nytt arbeidsår som rektor for Høgskulen på Vestlandet HVL. Nær 17 000 studentar og 2000 tilsette fordelt på campus i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord, gir eit rikt og lovande arbeidsgrunnlag.

Frå 1.1.2024 er det tre store fakultet som tilbyr utdanning og forsking i høgskulen: Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Fakultet for helse- og sosialvitskap, og Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap.

Kvart år dannar og utdannar me nær 3000 kandidatar til arbeidslivet. Dette skjer innafor økonomi, næring og teknologi, innanfor helse, velferd og omsorg, innanfor oppvekst, idrett og opplæring, og innanfor natur, kultur og samfunn. 80 prosent av kandidatane våre tek seg arbeid på Vestlandet, dei andre i Noreg elles, eller dei arbeider internasjonalt.

Slik det teiknar ved inngangen til året, vert 2024 året HVL sender universitetssøknad til NOKUT. Å verta og å vera eit profesjons- og arbeidslivsretta universitet har vore mål heilt sidan skipinga av Høgskulen på Vestlandet 1. januar 2017.

Når tida er inne vil det nye Universitetet på Vestlandet også ha i seg det beste frå høgskuletradisjonen. Det nære hopehavet med samfunnet ikring er både kjenneteikn og styrke.

2024 vert også eit år der me må arbeida godt for å styrka grunnlaget økonomisk og fagleg for høgskulen si vidare utvikling. Me vil gjera vårt for at rekrutteringa av studentar til dei samfunnsberande utdanningane våre tek seg opp, samstundes som me kjem arbeidslivet i møte med gode studietilbod. Sidan skipinga har forskinga i HVL hatt ei formidabel utvikling og i dag tilbyr me fem doktorgradsprogram, fire av dei på eigen kjøl, eit i samarbeid med andre universitet. Det å driva fram ny kunnskap med aktiv forsking innanfor breidda av våre utdanningar, er eit kjenneteikn ved Universitetet på Vestlandet.

Kunnskapsdepartementet har for 2024 tildelt Høgskulen på Vestlandet 2 451 315 000 kroner. Dei midlane vil me, saman med andre eksterne inntekter, ta i bruk på aller beste vis, på eit vis som gjer visjonen vår til røyndom:

Kunnskap som byggjer menneske og samfunn.

Godt nytt år!