Eit viktig samarbeid

Samarbeidet mellom leiing og tillitsvalde er grunnleggjande viktig. Denne veka hadde eg gleda av å møta dei hovudtillitsvalde i Høgskulen på Vestlandet.

Me gjekk gjennom korleis samarbeidet har utvikla seg og kva som kan forbetrast. I tidene som står føre vil det å vedlikehalda og utvikla godt samarbeid vera særleg viktig.

Informasjon til rett tid til rette vedkommande er basis for medverknad og samarbeid. Dette er lett å tenka, lett å skriva og lett å seia. Men det å faktisk få det til i kvardagen og på arbeidsplassen der eit stort spekter av saker er under utvikling og aktiviten er stor, krev særleg merksemd og arbeid.

Rektor har faste formelle møte med dei tillitsvalde før kvart styremøte. I tillegg møtest me meir uformelt til gjensidige orienteringar fleire gonger i halvåret. Dei formelle og uformelle møta har det felles at dei er digitale. Dette er den vanlege møteforma i ein fleircampus-høgskule, ei møteform me heile tida utviklar til det betre.

Men det står ikkje til å nekta at det var fint med eit fysisk møte, der me tek kvarandre i handa, ser kvarandre i augene og let røystene fylla det same rommet me alle sit i.

Takk for godt møte Tone Skjerdal (Norsk tjenestemannslag), Pål-Albert Olsen (Akademikerne), Aslau Furholt (Utdanningsforbundet), Eva Leirbæk (Parat) og Trond Brattelid (Forskerforbundet, vikar for Gjert-Anders Askevold). 

Takk òg for alt arbeid de gjer kvar dag for at HVL skal ha ei sunn og god utvikling, og vera ein framifrå arbeidsplass.