Anton Aleksander Hansen Kalstadstuen

Takk for praten, Anton

Arbeidsdag på Høgskulen på Vestlandet HVL, Campus Førde. Yrande liv på Vie og ikkje minst lyden av verdig og stilfull markering av eit nytt kull med nyutdanna sjukepleiarar, nær 70 i talet.

Eg slo av ein prat med ein av dei, Anton Aleksander Hansen Kalstadstuen, 25 år, med slektsband og bunad frå Gudbrandsdalen, men Oslo-gut frå Søndre Nordstrand, nærare bestemt Prinsdal og Hauketo.

Kvifor sjukepeieutdanning i Førde, Anton?

Eg kom først til Campus Sogndal der eg studerte økonomi og jus i to år. Eg treivst vanvittig godt og såg at eg kunne halda fram det gode studentlivet i Førde. Eg har ei særleg interesse for natur, ski, fjell og klatring. Eg fekk nok gjort meir av det i Sogndal, men ogso i Førde ligg det nett utanfor døra.

Kva er det beste med å studera sjukepleie i Førde?

Det er eit lite og nært miljø, sjølv om me er mange i klassa. Det er lett å verta kjend og det er lett å få rettleiing.

Det er dyktige lærarar, dei er engasjerte og bryr seg om studentane. Dei vil at me skal lukkast sjølv om det nokre gonger buttar imot.

Sjukepleie-utdanninga er kjenneteikna av mykje og ulik praksis. Korleis har det vore?

Eg har berre hatt spanande praksisar med gode kontaktsjukepleiarar. Eg tykkjer eg har lært ufatteleg mykje og kjenner meg trygg og sterk både i teori og praksis.

Kva skreiv du bachelor-oppgåve om?

Oppgåva handla om korleis kunnskap påverkar sjukepleiarar si haldning i møte med HIV-positive pasientar. Eg lærte ufatteleg mykje og gjekk inn i nyare forsking på feltet. Funnet mitt er at kunnskapsmangel påverkar haldningar, og dette kan vera uheldig for pasientgruppa. Tittel for oppgåva er «Du kan ta på meg».

Du har kombinert studietida med engasjement for studentmiljøet og tillitsverv. Fortel!

Eg har vore tillitsvald i klassen, aktivitetsansvarleg i studentersamfunnet, campustillitsvald og nestleiar i Førde studentidrettslag. I 2021 vann eg Saman Sogndal Saman Førde sin studentpris for arbeidet mitt.

Me strevar med studentdemokratiet, særleg etter pandemien. Har du tips til rektor for korleis eit sterkare studentdemokrati kan byggjast?

Tillitsvalde i klassen må ta meir plass og få meir rom. Det er der det gode grunnlaget kan leggjast. Det handlar om å få med fleire. I dag er dei fåe engasjerte veldig engasjert og tek del i veldig mykje, medan mange ikkje har verv eller oppgåver i det heile.

Kvar går ferda vidare no?

Midt i juni byrjar eg i stilling som trainee-sjukepleiar ved Kalnes sjukehus i Østfold.
Det er eit program der du i to år vert følgt opp, nesten som i ei lærlingstid og med eit system for ulike faglege utfordringar ved tre ulike sengepostar. Når du er ferdig er du ein særleg sterk kandidat i arbeidslivet. Eg har fått andre jobbtilbod, men ser fram til dette.

Kuttar du alle band til høgskulen?

Ingen fare! Eg har fått mange gode vener i studietida og ved eventuell vidareutdanning, er HVL uansett eit naturleg førsteval.

Takk for praten, Anton, og velkommen tilbake, anten som student eller tilsett eller samarbeidspart.

Lukka til vidare!