Studentpraten

Sara Hønsi (21) frå Stavanger studerer informasjonsteknologi ved Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen. Ho er mykje oppteken med studiane og handterer også eit stort omfang studentverv og frivillig arbeid. Ho innvilga rektor ein rask prat.
Kvifor studerer du informasjonsteknologi ved HVL, Sara?
Eg valde HVL fordi måten IT-studiet er bygt opp på verka veldig yrkesrelevant. Spesielt med tanke på praksisen det inkluderer og erfaringa dette gir når eg skal ut i arbeidslivet. Dessutan hadde eg inntrykk av at skulen hadde fleire gode studiemiljø. Dette var veldig viktig for meg etter pandemien.
 
Kva var erfaringa di med studiar under pandemien?
Eg studerte i to år ved UiB utan å verta kjent med nokon. Pandemien gjorde at mykje var digitalt og spreidd.
 
Under pandemien streva nok ikkje berre UiB, men også HVL og andre universitet og høgskular med å halda ved like dei gode studiemiljøa.
 
Men du søkte deg altså til HVL?
Ja. For student- og studiemiljøet i HVL er det ein stor fordel at alle utdanningar i Bergen er samla på ein stad. Det er eit flott og moderne miljø, og eg likar meg veldig godt på Kronstad. Her er det heile tida stor sjanse for å treffa nokon du kjenner.
 
Kva har erfaringa med studiet i informasjonsteknologi vore til no?
Eg er veldig fornøgd. Det har vore ein veldig grei start. Me arbeider mykje i grupper det første halve året og eg tykkjer det har vore veldig bra.
 
Valet av informasjonsteknologi skuldast kanskje at du har ein framtidsplan?
Ja. Eg har lyst til å arbeida som programmerar. Eg likar å bryta ned problema og finna løysingar stegvis.
 
Eg må vedgå at grunnen til at eg ønskte å snakka med deg ikkje berre var utdanninga di. Eg har lagt merke til at du er aktiv med ulike studentverv og også at du arbeider ein del som studentfrivillig. Fortel!
Det stemmer nok at eg er ganske aktiv. Eg er styremedlem i studentsamskipnaden Saman og gjer ganske mykje arbeid i BTS (Bergen Teknikersamfund).
 
Fortel litt meir om det du gjer i BTS, er du snill.
Eg er viseformann i BTS, leiar for BTS Karrieredagen, og eg er redaktør for avisa Tvistdotten. Dessutan tek eg nokre vakter som frivillig i Kronbar. Det er ganske travelt, men også givande og kjekt.
 
Eg vitja Karrieredagen. Det såg ut til å vera eit veldig fint opplegg?
Ja, det gjekk ganske bra. Me hadde verksemder frå Bergen og Vestlandet, men også frå landet elles som kom med utstillingar og presentasjonar.
 
Av og til opplever eg at studentar som engasjerer seg i aktivitetar utanfor sjølve utdanninga, kan ha foreldre som vert uroa for dei og ber dei om å halda skarpt fokus på studiane. Kva tenkjer du om dette?
Det handlar om å finna den gode balansen. Eg opplever at eg får skulen bra til fordi eg driv med viktige ting på sida. Det handlar også om arbeida effektivt med utdanninga. Eg har gode studiepartnarar som hjelper meg med å studera effektivt. Slikt får du berre til i eit godt studiemiljø.
 
Kva er ditt tips til andre studentar for at dei skal trivast og lukkast med utdanning?
Det beste er å engasjera seg i linjeforeiningar eller studentorganisasjonar. Ein vert møtt med opne armar. Det frivillige arbeidet tek ikkje merksemda vekk frå utdanninga. Studie- og studentmiljøet er på skulen og det er noko ein er med og skapar sjølv. So dette handlar om å trivast på utdanningsplassen.
 
Kva er ditt tips til rektor for å styrka student-engasjementet?
Det er viktig å leggja til rette for at studentfrivilligheiten og linjeforeiningane kan utvikla seg. Det er ein stor ressurs som høgskulen kan bruka. For ein stor del vert gjort og det er lagt bra til rette. Men det er stadig småe ting å gripa fatt i.

Takk for praten, Sara, og lukka til vidare!