Ei verd av moglegheiter

I desse dagar gjennomfører me internasjonale dagar på alle våre fem campus og med besøk frå fleire utanlandske universitet. Eg har hatt gleda av å ta del i Haugesund og på Stord.
Høgskulen på Vestlandet har utvikla ein eigen app for studentar som vurderer å ta deler av utdanninga i utlandet: HVL Utveksling.
 
Kvifor? Fordi me legg aktivt til rette for at studentar på alle studieprogram kan ta deler av utdanninga si ved universitet i utlandet og fordi internasjonalisering vert sett høgt på dagsorden.
 
For fremjinga vår av Erasmus+ vart HVL i 2021 kåra til årets høgare utdanningsinstitusjon av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, HK-dir. Dette til inspirasjon for vidare arbeid. Me treng og vil leggja stadig betre til rette for og auka omfanget av inn- og utveksling.
 
I desse dagar gjennomfører me internasjonale dagar på alle våre fem campus og med besøk frå fleire utanlandske universitet. Eg har hatt gleda av å ta del i Haugesund og på Stord.
 
I vrimlearealet i Haugesund møtte eg studentane Guillermo Cimas (Spania) som studerer maritime operasjonar, Sydney Flaten (Georgia, USA) som studerer økonomi og administrasjon og Laurens (Tyskland) som utdannar seg innanfor brann-tryggleik. Dei studerer alle i Haugesund. Då eg møtte dei var dei gang med å fortelja studentane Monika Helgesen (sjukepleie) og Hilde Maria Salvanes (brann-ingeniør) frå Sandnes, om kva moglegheiter som finst for å ta del av utdanninga i deira høvesvise heimland.
 
Eg møtte også Torunn Stornes Kittelsen, ein av mine dyktige medarbeidarar i Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon, i full sving med å informera om det internasjonale tilbodet og servera kake på same tid til student Ammar AD frå Vestnes.
 
I aulaen på Stord møtte eg Benjamin Iverson frå Augustana University i Sør-Dakota, ein institusjon som mellom anna legg til rette for utveksling frå våre lærarutdanningar og sjukepleie. Han vart møtt av vårt gode vertskap med Leif Steinar Alfsvåg frå vårt sterke fagmiljø i sjukepleie.