Bilete av Viet Dung Vu, doktor i nautiske operasjoner.

Ein merkedag for Høgskulen på Vestlandet

23. september 2022 vart ein merkedag for Høgskulen på Vestlandet. Me gjennomførte vår aller første doktor-disputas ved Campus Haugesund.

Det skjedde ved at Viet Dung Vu disputerte med ei avhandling om brukarsentrert utvikling i maritim industri på doktorprogrammet Nautiske operasjonar.

Haugesund rådhus ramma prøveførelesing og disputas inn på beste klassiske vis. Universitetet på Vestlandet er i god emning. Eg set verkeleg pris på at TV Haugaland rapporterer so fint frå disputasen. Arbeidet som er lagt ned er stort, gleda over å lukkast er større.

Sjå innslaget om doktorgradsstudent Viet Dung Vu på TV Haugaland sin nettstad.